4 4. Innhald
4.1 Bruk av ”retningsliner for tilsette i prøvetid”
Kinn kommune ” Rutinar for oppfølging av tilsette i prøvetid” er eit systemverkty som skal brukast ved alle prøvetidstilsetjingar. Dette heftet skal nyttast i introduksjonen, samtalar og utvikling undervegs i prøvetida samt ved avvikling av prøvetida.
”Rutinar for oppfølging av tilsette i prøvetid” skal oppbevarast i personalmappa i prøvetida, og slettast ved prøvetida sitt utløp dersom arbeidstilhøve vert vidareført.
4.2 Skriftleg
Avtale om prøvetid er kun gyldig dersom den er gjort skriftleg i arbeidsavtalen. Informasjon om prøvetidsordninga i Kinn kommune, finn du på Kinn.kommune.no.
Ved utløp av prøvetida vil den tilsette automatisk gå over til å bli ordinært tilsett, dersom det i prøvetida ikkje er lagt fram dokumenterte forhold som gjer at arbeidsforholdet opphøyrer.