Prøvetidsreglement

1 1. Retningslinene sitt verkeområde

1.1 Hensikten med retningslinene
Hensikten med retningslinene er å regulere bruk av prøvetid ved tilsettingar i Kinn kommune.

Retningslinene skal bidra til å sikre at nytilsette fyller dei krav som ligg i stillinga sitt ansvars og arbeidsområde. Nytilsette vil også på den måten få ein reell mulighet til å vurdere arbeidsgjevar, og eventuelt avslutte arbeidsforholdet med kort oppseiingsfrist.

Prøvetid er ikkje ei mellombels tilsetting.

1.2 Omfanget av det som vert regulert
Retningslinene kjem til bruk ved alle nytilsettingar.

Retningslinene kan nyttast når ein kommunal arbeidstakar vert tilsett i ny stilling med betydeleg forskjell i ansvars- og arbeidsområde.

Retningslinene skal brukast av alle og ikkje selekterast.

1.3 Kven retningslinene gjeld for
Retningslinene gjeld for alle tilsette – leiarar og øvrige medarbeidarar.