Ytringsfridom og lojalitetsplikt
Tilsette i Kinn kommune har ytringsfridom som privatpersonar, og må gjerne ta del i offentlege samfunnsdebattar. Tilsette har sjølv plikt til å presisere overfor media at dei uttaler seg som privatpersonar når dei uttaler seg eller kommenterer saker innanfor kommunen sine ansvarsområde. Stillingsnemning, kommunal e-post, e-postsignatur eller brevark skal ikkje nyttast når den tilsette uttaler seg som privatperson. Tilsette bør vere varsame med å uttale seg som privatpersonar på områder der ein er sakshandsamar eller har ein annan sentral rolle. Kommunen forventar lojalitet til kommunen sine vedtak og avgjersler.