Pressereglement

Teneste- og stabsleiarar

Teneste- og stabsleiarar har det faglege, økonomiske, personalmessige og administrative ansvar innan si teneste. I dette ligg også eit informasjonsansvar. Leiarane har rett og plikt til å gi faktaopplysingar og faglege vurderingar innanfor sine ansvarsområde, og opptrer då på vegner av Kommunedirektøren. Kommunedirektør skal rådførast ved behov og haldast løpande orientert om saker som forventast å kome i media.