Permisjonsreglement

7. Løn og lønsansiennitet ved permisjonar

7.1 Permisjon med løn
Ved permisjon med løn vil den vere tilsvarande den løna du ville få om du hadde vore i arbeid.
 

7.2 Permisjon med heil eller delvis løn
Permisjon med heil eller delvis løn, ved tvungen militær- og sivil pliktteneste, for å utføre offentlege ombod og for ombod i arbeidstakarorganisasjonane, blir å rekna med i lønsansienniteten. HTA §9
 
7.3 Uløna permisjon

Uløna permisjon i samband med sjukdom, svangerskap, adopsjon og omsorgsarbeid vert rekna med i lønsansienniteten med inntil 2 år.

7.4 Utdanningspermisjon
Uløna utdanningspermisjon blir medrekna med inntil 2 år når utdanninga har noko å seie for vedkomande sitt arbeid i kommunen. AML §12-11, HTA kap 1§14.2.