Delegeringsreglement

3. Retningsliner for klage på kommunale vedtak

Som eit hovudsprinsipp vert ei klage på enkeltvedtak først å handsame på ny i det organet som først har handsama saka. Dersom klage på administrativt enkeltvedtak, frå administrasjonen si side vert føreslege oppretthalden, vert saka å drøfte med klagenemnda før administrasjonen tar endeleg avgjerd.  Det vert å føre protokoll over drøftinga. Deretter skal klagen gå til klagenemnda. 

Prosedyrar for klagehandsaming i lova vert å følgje. Kommunen sitt klageorgan er Klagenemnda. I enkelte tilfelle spesifiserer lova fylkesmannen som klageinstans.

Retningsliner for klage vert å innarbeide i planverk for dei ulike tenesteområda.