Delegeringsreglement

2. Delegering av mynde til rådmannen

2.1 Tilhøvet mellom politisk nivå og tilsette i kommunen

Kommunestyret forheld seg direkte som arbeidsgjevar kun til administrasjonssjefen.  Dei nærare rammene og reglane for administrasjonssjefen sitt ansvar og mynde følgjer av reglement.

Tilhøvet mellom tilsette og leiing, medverknad og samarbeid er nedfelt i Hovudavtalen. I tillegg skal det partsamansette Administrasjonsutvalet sikre at kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk både fungerer og vert utvikla, samt at naudsynt kunnskap går frå dei tilsette til politisk nivå og omvendt. Det er likevel viktig å forstå dei folkevalde si spesielle rolle som ombod for alle innbyggarane i kommunen. Så lenge ein forstår dei respektive rollene og følgjer lov og avtaleverket – er det både tillatt og ønskjeleg at det er eit ope og godt forhold mellom dei folkevalde og dei tilsette i kommunen.

2.2 Administrasjonssjefen sitt ansvar og mynde

Delegering frå kommunestyret til administrasjonssjefen er forankra i kommunelova § 23 1-4.  I tråd med dette er administrasjonssjefen si rolle definert slik:

  1. Administrasjonssjefen er den øvste administrative leiaren for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntak som følgjer av lov, og innanfor dei rammer som kommunestyret fastset.
  2. Administrasjonssjefen skal sjå til at saker som vert lagt fram for folkevalde organ er forsvarleg utgreidd og at vedtak vert satt i verk. Administrasjonssjefen skal sørge for at administrasjonen vert drive i samsvar med lov, forskrifter og overordna instruksar og at den har gode rutinar for gjennomføring og kontroll. Prinsippa for fullført sakshandsaming vert å legge til grunn.
  3. Administrasjonssjefen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna i alle kommunale folkevalde organ, med unntak av kontrollutvalet.
  4. Kommunestyret gir fullmakt til å treffe vedtak i saker som ikkje er prinsipielle, dersom kommunestyret ikkje har avgjort noko anna.
  5. Administrasjonssjefen har innstillingsrett og innstillingsplikt i saker som vert fremma for fyrstegangs handsaming i eit folkevald organ. I den vidare sakshandsaminga  i formannskap eller kommunestyret, skal administrasjonssjefen si innstilling gå klart fram av saka.
  6. I spesielle tilfelle og etter avtale med ordførar kan administrasjonssjefen fremme sak direkte til kommunestyret.
  7. Administrasjonssjefen har høve til å trekke ei sak frå sakskartet dersom han meiner den ikkje er tilstrekkeleg opplyst.

2.3 Hovudtrekk i kommunestyret si delegering av mynde til administrasjonssjefen

  1. Kommunestyret si delegering av mynde til administrasjonssjefen går på to hovudområde. Det første går på mynde til å drifte og utvikle kommuneorganisasjonen innanfor dei rammene som kommunestyret har bestemt. Det andre gjeld mynde til å ta avgjerd etter lova som forvaltingsorgan.
  2. Administrasjonssjefen har fullmakt til å delegere mynde vidare i kommuneorganisasjonen. Slik delegering skal vere spesifisert i eige administrativt delegeringsreglement. Delegasjonsvedtak som ikkje går fram av reglementet, skal gjerast skriftleg og vert å rapportere til kontrollutvalet og revisjonen.
  3. Bestillingar til administrasjonen skal skje gjennom vedtak i møte i folkevalde organ.
  4. Berre kommunestyret sjølv kan disponere unytta økonomiske tildelingar som følgje av at tiltak ikkje er sett i verk.
  5. Delegeringa nemnd under går via utvala slik det går fram av tabellane.

2.4 Oversikt over delegering til administrasjonssjefen

2.4.1 Administrasjon og personalforvalting

 

Innhald

Merknad

a

Ta avgjerd innanfor drift av kommunen innanfor dei rammene kommunestyret har vedtatt

 

b

Opptre som arbeidsgjevar på vegne av kommunestyret overfor dei tilsette innanfor lov- og avtaleverk og planverk vedtatt av kommunestyret

 

c

Tilsette i alle stillingar i kommunen unntatt rådmannsstillinga

 

d

Tilpasse organisasjonen i tråd med overordna mål gitt av kommunestyret, forsvarleg tenesteyting og god ressursbruk

 

e

Opprette, legge ned og endre stillingar innanfor dei økonomiske rammene kommunestyret har bestemt

 


2.4.2Økonomistyring

Administrasjonssjefen sitt mynde innan økonomi- og finansforvalting er fastsatt i eige økonomireglement for Kinn. Reglementet gir eit oversyn over rammer og avgrensingar for kommunen si økonomistyring og finansforvalting. Fullmakter, instruksar og/eller rutinar skal vere heimla i reglementet

 

Innhald

Merknad

a

Administrasjonssjefen si fullmakt i høve å utarbeide økonomiplan, disponering av økonomiske ressursar og rapportering er spesifisert i økonomireglementet.

 

b

Administrasjonssjefen har fullmakt til å gjennomføre finansforvalting i slik det er spesifisert i økonomireglementet.

 

c

Økonomi- og finansforvaltinga skal skje med heimel i gjeldande lov og forskrift i kommunane, blant anna:

 

  • Kommunelova,§ 46 nr 8 (LOV -1992-09-25-107)
  • Forskrift om årsbudsjett, §48 nr 6  (2000.12.15 nr 1423)
  • Forskrift om årsreknskap og årsberetning, §49 nr 2 (2000.12.15 nr 1424)
  • Forskrift om rapportering, § 51 nr 3, (2000.12.15 nr 1425)
  • Forskrift om garantiar, § 52 nr 2 (2001.02.02 nr 0144)
  • Forskrift om finansforvalting (2009.06.09 nr 0635)

 


2.4.3 Helse- og velferdsforvaltinga

Kommunestyret delegerer til Helse- og velferdsutvalet som delegerer vidare til rådmannen slik mynde:

 

Innhald

Merknad

 

Gjere vedtak og ta avgjersle knytt til drift av tenester som er regulert av gjeldande lov for helse-, omsorgs-, og sosiale tenester.  Fullmakta gjeld ikkje vedtak som kommunestyret etter lova ikkje kan delegere.

 

Delegeringa gjeld følgjande lovverk med tilhøyrande forskrifter:

 

a

Lov om kommunale helse og omsorgstenester

 

b

Lov om barnevernstenester

 

c

Lov om sosiale tenester i velferdsforvaltinga

 

d

Lov om folkehelsearbeid

 

e

Lov om helsepersonell (helsepersonellova)

 

f

Lov om pasientrettigheter

 

g

Lov om helsemessig og sosial beredskap

 

h

Lov om vern mot smittsomme sykdommer

 

i

Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m v

Kommunestyret skal handsame saker om løyve

j

Lov om serveringsvirksomhet

 

k

Lov om vern mot tobakkskader

 

l

Lov om helseregistre og helseopplysninger

 

m

Lov om krisesentertilbud

 

 

 

 


2.4.4 Oppvekstforvaltinga og kultur

Kommunestyret delegerer til oppvekstutvalet som delegerer vidare til rådmannen slik mynde:

 

Innhald

Merknad

 

 

Delegeringa gjeld følgjande lovverk med tilhøyrande forskrifter:

 

a

Barnehagelova

 

b

Opplæringslova

 

c

Folkebiblioteklova

 

d

Kulturlova

 

e

Kulturminnelova

 

 

Målbrukslova

 

 

Lov om folkehelsearbeid

 


2.4.5 Tekniske tenester

Kommunestyret delegerer til Plan- og samfunnsutvalet som delegerer vidare til rådmannen slik mynde:

 

Innhald

Merknad

 

 

Delegeringa gjeld følgjande lovverk med tilhøyrande forskrifter:

 

a

Plan og bygningslova

 

b

Konsesjonslova

 

c

Eierseksjoneringslova

 

d

Lov om eiendomregistrering

 

e

Lov om eiendomsregulering (matrikkellova)

 

f

Nabolova

 

g

Lov om vern mot forureining og avfall

 

h

Veglova

 

i

Vegtrafikklova

 

j

Brann- og eksplosjonslova

 

k

Lov om laksefiske og innlandsfiske

 

l

Jordlova

 

m

Odelslova

 

n

Skoglova

 

o

Lov om friluftslivet

 

p

Lov om vilt (viltlova)

 

q

Lov om folkehelsearbeid

 

r

Ta avgjerd om kommunen si drift av eigedomar, bygg og anlegg innanfor dei retningsliner, planar og rammer som er fastsatt i kommunestyret

 

s

Inngå avtalar og kontraktar for kommunen sine bygg og anlegg innanfor dei retningsliner som er fastsatt i lov og forskrift, og etter vedtekne planar, retningsliner og rammer som er fastsatt av kommunestyret

 

t

Gjennomføre utbyggingsprosjekt for Kinn kommune etter vedtekne planar, retningsliner og rammer.