Delegeringsreglement

1. Om reglementet

Reglementet har tre delar:

  1. Prinsipp for organisering og delegering
  2. Reglement for politiske utval og delegering til desse
  3. Delegering frå kommunestyret til rådmannen

Referansane er til kommunelova (§ X). Andre referansar vert nemnd med lov og paragraf.

1.1 Kommunestyret

Kommunestyret er det øvste organet, og kommunestyret treffer vedtak så langt ikke annet følger av lov eller delegeringsvedtak (§ 6).

Gjennom delegeringsreglementet får andre organ legitimitet til å ta avgjerd på vegner av kommunestyret.

1.2 Om delegeringa

Reglementet er i samsvar med reglane i kommunelova. Dette gjeld spesielt delegering til formannskapet (§ 8-3), ordførar (§ 9-5) og utval (§ 10), samt delegering til
administrasjonssjefen som den øverste leder for den samlede kommunale administrasjon (§ 23).

1.3 Prinsipp

Det er ikkje mogleg å ha eit reglement som dekker alle typar avgjerder for drift og forvalting. Dokumentet føreset difor at dei som skal utøve mynde må
utøve eit skjøn ut frå kva som er prinsippsaker. Etter kommunelova er det berre saker som er av ikkje prinsipiell karakter vi kan delegere. Den formuleringa er sentral i delegering til administrasjonssjefen. Etter § 23 er det berre han kommunestyret kan delegere til i administrasjonen. Administrasjonssjefen kan delegere vidare.

1.3.1 Rapportering

Enkelte avgjerder skjer på fagleg grunnlag og kan ha konsekvensar med politisk interesse. Som døme kan ei avgjerd om ei teneste til innbyggarar vere fagleg grunngjeven med heimel i lov. Med den heimelen må vi yte tenesta, men å finansiere den treng politisk avklaring. Dersom administrasjonssjefen ikkje kan finansiere tiltaket gjennom budsjettet skal han orientere formannskapet som økonomiutval så snart som råd, og finansieringa vert å ta opp ved økonomirapportering og/eller justering av budsjettet.

1.3.2 Korleis finne ut om det er ei prinsippsak

Dersom det er tvil om ein har mynde til å ta ei avgjerd, er det ei plikt for organet eller den som har rolla å finne ut av det. Om saka er prinsipiell eller ikkje, kan vere omtala i lov, planar, strategivedtak eller praksis gjennom vedtak i tilsvarande saker.

For å få klart om administrasjonen sin praksis er i tråd med det fleirtalet  i kommunestyret kan stille seg bak, kan kommunestyret eller andre politiske organ be om ei orientering om ei konkret sak eller saksfelt. På same vis bør administrasjons-sjefen fremme ei sak som han i utgangspunktet har mynde til å avgjere, eller på anna vis sondere kva som er fleirtalet si meining om korleis saka bør handsamast vidare.

1.4 Mynde til spesielle roller i organisasjonen

Lova knyt mynde til bestemte roller i kommuneorganisasjonen. Kommunestyret kan gi ordførar fullmakt til å treffe vedtak i enkeltsaker som ikkje er prinsipielle. I administrasjonen er bestemte roller, ansvar og mynde knytt til fagleg kompetanse.

Lovene gir slik mynde:

Rolle

Lovheimel

Skatteoppkrevjar

Skattebetalingslova § 48

Rektor

Opplæringslova § 9-1

Skulefagleg kompetanse

Opplæringslova § 13-1

Barnevernsleiar

Lov om barnevernstjenester § 2-1

Arkivansvarleg

Arkivlova § 12, forskrift 1193 §2-1

Biblioteksjef

Lov om folkebibliotek § 5

Kommunelege

Lov om komm. helse og oms. §5-5

Tek i vare barn sine interesser i plansaker

Plan og bygningslova § 3-3

Verneombod

Arbeidsmiljølova § 6-3

 

 

Mynde til desse rollene er avgrensa til faglege avgjersler etter lova. 
I alle andre samanhengar skal dei følgje den administrative tenestevegen.

1.5 Gyldig delegering

For å delegere lovleg må følgjande vere på plass:

  1. Det må vere høve etter lova å delegere vedtaket
  2. Delegeringsvedtaket må vere formelt rett
  3. Delegeringsvedtaket må vere gjort av eit organ som har mynde til det
  4. Delegeringa må skje til eit organ som lova gir høve å delegere til
  5. Den som gir fullmakt må vere overordna den som mottar den.

    Folkevalde organ kan ikkje delegere mynde til andre i administrasjonen enn administrasjonssjefen.

1.6 Delegering, men ansvar

Dei som gir mynde til eit organ har ansvar for og kontroll med avgjerslene som er delegert. Dei kan tilbakekalle delegert mynde og instruere eller overprøve det organet dei har gitt mynde til. Det gjeld også delegering frå administrasjonssjefen.

1.7Oppdatering av delegeringsreglementet

Den digitale utgåva av delegeringsreglementet (portalen, heimesida skal vere fortløpande oppdatert.

Kommunestyret skal handsame reglementet tidleg i valperioden.

I tillegg til at nytt kommunestyre gjer vedtak om delegeringsreglementet, skal reglementet fortløpande reviderast for endringar i lovverk, organisering og endra roller.

I administrasjonen vil det vere ein eigen funksjon med ansvar for å koordinere og kvalitetssikre at endringane blir gjennomført. I tillegg er det spesifisert som eit leiaransvar innan dei ulike tenesteområda å fange opp endringar i lovene, jamfør Leiaravtale for Kinn kommune punkt 1.1.1, siste strekpunkt.

1.8 Reglement for formannskapet

1.8.1 Formannskapet sitt arbeidsområde

Formannskapet er kommunen sitt økonomiutval. 

Formannskapet handsamer saker om økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak.  Kommunestyret kan delegere og gi formannskapet oppgåver og mynde i alle saker der ikkje anna er bestemt i lov (§8-3).

1.8.2 Delegering frå kommunestyret til formannskapet

Formannskapet får slik mynde:

  1. Med heimel i kommunelova § 8.3 avgjerdsmynde i alle saker det er høve å delegere etter kommunelov eller særlov og som ikkje er delegert til andre organ eller rådmannen.
  2. Alle saker som vert handsama i kommunestyret vert å fremme for formannskapet med unntak av dei sakene som er delegert utvala.
  3. Gjere vedtak innanfor sitt saksfelt i sake som etter lova, eller dette reglementet, ikkje skal avgjerast av kommunestyret.
  4. Innstille til kommunestyret i vedtak om økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak (§8-3), samt i andre saker med økonomisk verknad og skal til kommunestyret.
  5. Punkt d) ovanfor gjeld saker med økonomisk verknad over kr 500 000.  For inntil denne summen kan formannskapet gjere vedtak.  Slike saker vert å referere i kommunestyret og skal med i den førstkomande revidering av budsjettet.
  6. Innstille i alle prinsippsaker om kommunen si økonomiforvalting.
  7. Gjere vedtak i hastesaker etter kommunelova §13.
  8. Opprette og utnemne arbeidsgrupper (adhocutval) for ei avgrensa tid med føremål som ligg innanfor formannskapet sitt arbeidsområde, og fastsette mandat for arbeidet.

1.9 Reglement for Helse- og velferdsutvalet

1.9.1Helse- og velferdsutvalet sitt arbeidsområde

Utvalet har følgjande arbeidsområde:

  1. Helse, velferd og omsorgstenestene
  2. Sosiale tenester i velferdsforvaltinga

1.9.2 Delegering frå kommunestyret til Helse- og velferdsutvalet

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere.
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstille til formannskapet.
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.

1.10 Reglement for Kultur og oppvekstutvalet

1.10.1 Oppvekstutvalet sitt arbeidsområde

Utvalet har følgjande arbeidsområde

  1. Barnehage
  2. Grunnskule
  3. Kulturskule
  4. Kultur
  5. Vaksenopplæring

1.10.2 Delegering frå kommunestyret til Kultur og oppvekstutvalet

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere.
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstille til formannskapet.
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.

1.11 Reglement for Plan- og samfunnsutvalet

1.11.1 Plan- og samfunnsutvalet sitt arbeidsområde

  1. Plan- og byggesaker
  2. Konsesjonslova
  3. Eigarseksjoneringslova
  4. Lov om eigendomsregistrering
  5. Lov om eigendomregulering
  6. Nabolova
  7. Lov om vern om forureining og avfall
  8. Veglova
  9. Vegtrafikklova
  10. Lov om brann og eksplosjonsvern
  11. Lov om laksefiske og innlandsfiske
  12. Jordlova
  13. Odelslova
  14. Skoglova
  15. Lov om friluftslivet
  16. Viltlova
  17. Lov om folkehelsearbeid

1.11.2 Delegering frå kommunestyret til Plan- og samfunnsutvalet

  1. Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sitt ansvarsområde, med unntak av dei saker som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedtatt dei sjølve skal avgjere.
  2. I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere skal dei innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar skal dei innstille til formannskapet.
  3. Utvalet sine vedtak skal følgje sakene til kommunestyret.