AKAN-reglement

7. Særskilde stillingar

Der det i verksemda er arbeidstakarar med oppgåver der ein evt sprekk ville utgjere ein særskild risiko, skal det gjennom HMS- systemet sin tenestedel slåast fast at Akan-opplegg ikkje kan nyttast utan nærare avtale. Eit slikt opplegg bør kunne leggast opp med krav om dagleg testing, eller at ein får andre arbeidsoppgåver i perioden for Akanopplegget.

Tilsette med offentleg autorisasjon, der rusmiddelbruk er ein spesiell fare for andre, bør ha eit klart forhold til om det skal rapporterast til dei godkjennande myndigheiter når nokon frå personalet er i eit Akan-opplegg.