AKAN-reglement

4. Saksgang

Reaksjonsgrunnlag for åtvaringar

  • å møte påverka av alkohol
  • å bruke rusmiddel i arbeidstida
  • å bruke rusmiddel utanom arbeidstida slik at det fører med seg fråvær, at arbeidet ikkje vert utført tilfredstillande, eller at tryggleiken for både seg sjølv og andre vert sett i fare.

Systemet for advarsel

  • Ved første gongs brot på arbeidsreglementet gjev tenesteleiar ein skriftleg advarsel Advarselen skal følgjast opp med ein personleg samtale, der det om ønskjeleg er tillitsvald med. Det vert orientert om at AKAN-kontakt i BHT får vite om denne advarselen og om at det kan søkast råd hos desse.
  • Ved andre gongs brot gir tenesteleiar vedkommande ein ny skriftleg advarsel, med kopi til tillitsvald, Akan-kontakten i bedriftshelsetenesta (BHT). Den som tek mot ein andre gongs advarsel, får tilbod om å nytte seg av ein individuelt tilpassa Akan-avtale og å gå inn i eit Akan-opplegg i samarbeid med BHT. Alternativet er at saka vert handsama som ei vanleg personalsak
  • Ved tredje gongs brot skal tenesteleiar gje endå ein skriftleg advarsel, på vedlagde skjema. Kopiar vert å sende dei same personane som ved advarselen andre gong. Det skal no samankallast til eit møte mellom alle dei impliserte, personen sjølv, hovudkontakt, BHT og tenesteleiar evt. i tillegg til personkontakt og tillitsvald. Dersom desse vurderer Akan-opplegget som positivt, held dette fram med evt korrigeringar. Dersom ikkje, vert saka teke opp med rådmannen/personalsjefen som ei vanleg personalsak.