AKAN-reglement

3. Ansvar

Den som har avhengighetsproblem har hovudansvaret for å gjere noko med det, men alle tenesteleiarar har ansvar og plikt til å ta opp rusing dei sjølve oppdagar eller får rapport om. Likeeins har einkvar medarbeidar ansvar for å melde frå om rusproblem til sin næraste overordna.

Næraste overordna har ansvar for at arbeidstakar som har rusproblem får hjelp etter Akan-opplegget.

For å få råd, kan alle som ønskjer det vende seg til Akan-kontakten i bedriftshelsetenesta. Desse har teieplikt, og vil i samarbeid med den som har problemet kunne finne fram opplegg for hjelp/støtte. Eit slikt uformelt og frivillig Akan-opplegg fører ikkje til registrering.