AKAN-reglement

1. Innleiing

Kinn kommune si målsetting er gitt i samsvar med lov- og avtaleverket.

Å opprette eit rusfritt arbeidsmiljø ved hjelp av sakleg informasjonsarbeid og ved å gje tilbod om hjelp til tilsette med rusmiddelproblem. Tilbod om hjelp kan også gjevast til tilsette som er speleavhengige.

Arbeidsreglementet for Kinn kommune

Arbeidstakaren må ikkje vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida. Tilsette som bryt denne regelen ved å opptre rusa i tenesta skal visast bort frå arbeidsstaden.

Ved 2. gangs tilfelle skal det vurderast om ein skal gi tilbod om hjelp etter kommunen sine retningsliner for misbruk av alkohol eller andre rusmiddel.