Målet er å vise kor mykje som faktisk skjer i samfunnet vårt, skape ein låg terskel for å kome seg ut døra, finne nye vennar, og skape fellesskap for folk med like interesser.
Logoen til Friskus kommune i AppStore og GooglePlay ser slik ut:

Friskus kommune og aktivitetskalender– to ting som fungerer i lag
Friskus kommune er ein «app» du lastar ned til iOS eller Android telefonar på vanleg måte. Appen inneheld nyhende frå oss, snarvegar til digitale tenester vi tilbyr, og Friskus sin aktivitetskalender. Heilt i starten når du har lasta den ned, kan du velje Kinn kommune som kommunen du ønskjer å følgje. Deretter kan du velje ut ulike tema du ønskjer å få nyhende frå oss på.
Når du er klar til å bruke appen, har du tre faner nedst i bildet, «Nyheter», «Aktiviteter» og «Selvbetjening».
Friskus er aktivitetskalenderen som er innebygd i appen under fana «Aktiviteter». Til å starte med finn du alle arrangement som arrangørar har lagt inn. Du kan sortere på ulike typar arrangement, kor tid dei skjer og kvar i kommunen!
Den beste opplevinga får du ved å bruke appen! 😊
Korleis laste ned og bruke Friskus kommune
Her kan du sjå ein kort instruksjonsvideo for korleis laste ned og bruke Friskus kommune (CIVIS) på mobilen din. Du må byte ut CIVIS med “Friskus kommune” når du søker i AppStore eller GooglePlay, du kan ev. bruke lenkene nedanfor.
Last ned til Android-telefon (GooglePlay)
Last ned til iOS-telefon (AppStore)
Gratis for alle
Alle frivillige lag og organisasjonar og andre aktørar som driv med aktivitetar kan registrere seg som arrangør og bruke løysinga heilt gratis. Det same gjeld deg som berre lurar på kva som skjer. Friskus kommune er også gratis, og vi publiserer regelmessig informasjon som er nyttig for deg å vite.
Slik bruker du Friskus, og registrerer du deg som arrangør
Det er eit krav om at du må ha eit organisasjonsnummer når du registrerer deg som arrangør. Dersom din organisasjon ikkje har eit organisasjonsnummer, men vil framleis registrere dykk og legge ut arrangement, kan du bruke organisasjonsummeret til Kinn kommune. Då skriv du inn følgande organisasjonsnummer: 820 956 532.
Her kan du sjå opplæringsvideo med Ida frå Friskus, som viser korleis ein registrerer seg, og bruker Friskus som arrangør.
Om du berre vil sjå kva som skjer er det ikkje nødvendig å registrere seg som brukar i Friskus.
Den beste opplevinga får du via appen, men du kan også bruke nettsida
Den beste opplevelsen får du ved å laste ned appen «Friskus kommune» på mobilen din. Der er aktivitetskalenderen lett tilgjengleg, og du får på same tid lett tilgang på informasjon frå kommunen og våre digitale tenester. Om du berre er interessert i aktivitetar, kan du sjølvsagt besøke oss på kinn.friskus.com.
I appen får du også moglegheita til å følgje andre kommunar som nyttar Friskus kommune. Du gjør det ved å følgje stega etter du har lasta appen ned til mobilen din. Det kan vere veldig lurt om du til dømes eiger hytte i ein annan kommune, er tilflyttar og vil følgje heimkommunen din, eller vil følgje ein annan kommune av andre grunnar.
Søknad om deltaking på fritidsaktivitet
Kinn kommune si fritidserklæring gir støtte til ein gratis fritidsaktivitet for barn og unge i husstandar med økonomiske og sosiale utfordringar. Målet med ordninga er at alle barn og unge (6-18 år) skal ha moglegheita til å delta på ein fritidsaktivitet. Ordninga er for dei barna som ikkje allereie er deltakar på andre betalande fritidsaktivitetar.
Ordninga tar atterhald om at Kinn kommune har midlar tilgjengeleg.
Informasjonen gitt i søknadsskjemaet blir berre brukt til å få registrert midlane til riktig lag eller organisasjon.
Søk om støtte til deltaking på fritidsaktivitet her