Trafikktryggleik

Kommunen arbeider med trafikktryggingstiltak på dei kommunale vegane og haldningsarbeid i barnehagen og grunnskulen. Veit du om eit område der du meiner noko må gjerast med trafikktryggleiken set vi pris på om du kontaktar oss, slik at vi kan vurdere om det må settast inn tiltak.

Ein lovpålagt klipp

Folk som bur langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigedomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane. Trafikantane mistar ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Å syte for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova. Det er du som bur ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal vere god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Les meir på Statens Vegvesen sine sider

Kontakt

Sentralbord
E-post
Telefon 57 75 60 00


Opningstider: 09.00 - 15.00