Gravemelding

Skal du grave eller utføre arbeid på eller nær kommunal veg i Kinn kommune? Då må du søkje løyve før du startar. Kinn kommune er vegstyresmakt for kommunale vegar og skal ha oversikt over alt arbeid som skjer på eller nær offentleg veg, eigedom og infrastruktur. Dette er viktig for å sikre tryggleik, framkomst og for å unngå skade på vatn, avløp, straum, fiber og annan infrastruktur.

Søk om graveløyve

Kven må søkje?

Du må søkje dersom du skal

  • grave
  • sprenge
  • fjerne massar
  • hogge tre
  • gjere andre inngrep
  • bruke offentleg veg som riggområde

Søknadsplikta gjeld også dersom arbeidet skjer nærare enn fire meter frå kommunal veg, eigedom eller infrastruktur. Dette gjeld både entreprenørar, verksemder og privatpersonar. Pris for gravemelding blir fastsett årleg i vårt gebyrregulativ. 

Slik søkjer du

Du sender søknad via Geomatikk. Søknaden skal innehalde:

  • utfylt søknadsskjema
  • skiltplan
  • arbeidsvarslingsplan/arbeidsløyve for området

I nokre tilfelle må vi gjennomføre synfaring eller avklare forhold før vi kan gi løyve. Du kan ikkje starte arbeidet før du har fått godkjenning frå Kinn kommune.

Skal du grave på fylkes- og riksveg leverer du søknaden til Statens vegvesen

Ansvar og garanti

Dersom arbeidet fører til skade på kommunal veg, eigedom eller infrastruktur, kan kostnaden for utbetring bli kravd av ansvarleg søkjar. Det er normalt garanti på arbeid og graving på kommunal eigedom i minimum tre år.

Du kan finne pågåande gravearbeid på innsyn om gravearbeida i kommunen her.

Tilsyn og gebyr

Kommunen fører tilsyn med arbeid på og ved kommunal veg. Å starte søknadspliktig arbeid utan godkjenning kan føre til reaksjonar i tråd med gjeldande gebyrregulativ.

Frå 2026 kan det bli gitt eit straffegebyr på 2,5 gongar ordinært gebyr dersom arbeid vert utført utan løyve.

Lovgrunnlag

Reglane følgjer av veglova § 57. Du finn lovteksten på Lovdata.