Brøyting og strøing

Bilde av ein traktor som måker snø på kveldstid - Klikk for stort bilete

Kommunen har ansvar for brøyting, strøing og anna vintervedlikehald av kommunale vegar.

Om brøyting og strøing

  • Brøyting på kommunale vegar startar når det er 10 cm tørr snø og 5-7 cm våt snø i vegbana.
  • Sandstrøing av vegane vert utført ved behov.
  • Kommunen er delt inn i brøyteroder der kommunen driftar enkelte område, og det er private entreprenørar som utfører brøytinga. Brøyting på kommunale snuplassar blir utført av mannskap frå kommunen og entreprenørar.
  • Mange stader er gatene smale, og det er liten plass til å brøyte unna snø. Kantstein, gjerde og gjenstandar som blir liggande under snøen er vanskeleg å oppdage, og er difor utsett for skader.
  • Bilar som står parkert langs veg, eventuelt på tun lågare enn den vegen som blir brøyta, kan vere utsett for skade frå hard snø og grus som blir ført med snøen. Dersom du har fått skader etter brøyting må du rapportere til kommunen så snart du oppdagar skaden.
  • Vinterlagring av utstyr bør gjerast i god avstand frå veg. Marker kantstein og andre murkantar med stikker, gjerne med refleks. Kommunen setter ikkje ut brøytestikker i byggefelta.

Om vinterskilting

For at vintervedlikehald skal utførast forsvarleg og effektivt, må det innførast «Vinterskilting». Parkerte bilar utgjer eit stort problem for brøytemannskapa og blir til hinder for utføring av nødvendig vedlikehald.

Det er difor innført vinterskilting i dei mest tettbygde stadene i kommunen i perioden desember - april. Det vert sett opp eigne skilt i denne perioden som førar av motorvogn må vere aktsam for. 

Kontakt

Brøytevakt Florø
Telefon 41 53 01 35

Skal nyttast for brøyting og strøing på kommunal veg, i perioden 1. desember til 31. mars kvart år.

Brøytevakt Måløy
Telefon 91 71 81 11

Nummeret er operativt kvar dag frå kl. 07.00-22.00.

Skal nyttast for brøyting og strøing på kommunal veg, i perioden 1. desember til 31. mars.