Avkøyrsle

Skal du lage ny eller endre bruk av avkøyrsle må du søkje om løyve. Går avkøyrsla til fylkes- eller riksveg må Statens vegvesen handsame søknaden, og du får endeleg løyve frå kommunen. Dersom avkøyrsla er til kommunal veg er det berre kommunen som handsamer søknaden.

Søk om avkøyrsle til fylkes- eller riksveg:

Søk via Din Side hos Statens vegvesen 

Søk om endeleg godkjenning frå kommunen, og legg ved vedtaket frå Statens vegvesen. Dette er ikkje naudsynt dersom avkøyrsle grensar til kommunal veg. 

Du kan også levere søknaden til kommunen, og vi tar hand om heile prosessen. 

Meir informasjon finn du hos Statens vegvesen
Forskrift om alminnelige regler om bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg