3 Kontroll
3.1 Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla dato og tid. Vassmålaren må plasserast slik at den er lett tilgjengeleg både for avlesing og revisjon/utskifting.
3.2 Kommunen kan til ei kvar tid, ev. etter skriftleg søknad frå leiaren, foreta kontroll av vassmålarar som er i bruk. Viser kontrollen ei feilavlesing på meir enn 5%, utførast justering av årsgebyret for føregåande år og eventuell utskifting av målaren skjer utan kostnad for leiaren.
3.3 Dersom det ikkje lar seg gjere å berekne feilmålte mengder nøyaktig, utan at dette fører til store kostnadar, justerast gebyret for den perioden det er tvil om etter gjennomsnittet av næraste avlesingsperiode før feilen blei påvist, og/eller etter at den er utbetra.