1 Innkjøp, installasjon og gebyr for leige av vassmålar
1.1 Målaren er kommunen sin eigedom og sjølve målaren bekostast av kommunen. Kommunen bestemmer type, plassering og storleik på målaren, tilpassa forbruket.
1.2 Abonnenten må sjølv bekoste installasjon av vassmålar og ev. flytting av målaren. Installasjon av målar skal utførast av ein godkjent rørleggar i samsvar med det til ein kvar tid gjeldande reglement. Etter montasje skal vassmålaren plomberast av kommunen eller av godkjent rørlegger engasjert av kommunen.
1.3 Abonnenten betalar eit årleg gebyr for leige av vassmålar, som inkluderer innkjøp, kontroll, vedlikehald, utskifting og administrasjon. Gebyret fastsettast av kommunen og framgår av gebyrregulativet.