Tilsynssamarbeid for spreidde avløpsanlegg og byggesaker

I januar 2024 vart det oppretta eit tilsynssamarbeid for avløp og byggesak mellom kommunane Gloppen, Stryn, Stad, Bremanger og Kinn.

Kommunar er pålagt å føre tilsyn med spreidde avløpsanlegg. Dette kan vere mindre private avløpsanlegg, minireinseanlegg, slamtankar og liknande. I 2023 vedtok kommunestyra i kommunane at Gloppen skal vere vertskommune for eit tilsynssamarbeid i Nordfjord for å auke kvaliteten i arbeidet. 

Tilsynet er finansiert med eit tilsynsgebyr som fakturerast per avløpsanlegg. Det blir gjennomført digitale tilsyn, kartleggingar og dokumentkontrollar i tillegg til fysiske tilsyn. Du må også betale tilsynsgebyr dei åra det ikkje blir gjennomført tilsyn på ditt anlegg.

Kontaktinformasjon til tilsynssamarbeidet

Kontakt Gloppen sitt servicetorg på tlf. 57 88 38 00, og be om å få snakke med tilsynssamarbeidet. 

Les meir om tilsynssamarbeidet på Gloppen kommune si heimeside

Innsyn i saker

Sidan saker som gjeld tilsyn vert lagra i Gloppen si innsynsløysing, må du finne dokument som angår tilsynssaker på deira heimeside. 

Gå til Gloppen si innsynsløysing for tilsyn