Tilkopling vatn/avløp

Tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg skal søkjast kommunen av eit autorisert røyrleggarfirma. Det må søkjast både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til det offentlege vatn- og avløpsanlegget.

Søknad om utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter

Gebyr og avgifter

Avgifter for vatn, avløp og slamtømming vert vedteke av kommunestyret kvart budsjettår. Du kan sjølv velge kor mange gonger i året du ønskjer å motta faktura på kommunale gebyr. Du kan velge om du vil ha fleire faktura med eit lågare beløp, eller færre faktura med eit høgre beløp. Beløp du må betale for eit år vil samla sett vere det same.

Gebyret er todelt. Abonnementsgebyret (fastleddet) blir fakturert pr. bustad uavhengig av bruken, og forbruksgebyret vert rekna ut frå storleiken på huset for dei som ikkje betaler etter målt forbruk (vassmåler). At huset står tomt ein kort periode, gjev ikkje fritak for gebyr. Dersom huset står tomt over lengre tid (eit halvt år eller meir) kan ein søke skrifteleg om reduksjon av gebyret/fritak for forbruksgebyret. Det må utførast plombering av anlegget. Søknad må sendes inn på førehand før fritaket kan gjevast.

Lovar og reglar

Forskrift om vannforsyning og drikkevann

Du finn også informasjon og rettleiing på Avlop.no - Mindre avløpsanlegg, og Norsk Vann.
På Avlop.no - Mindre avløpsanlegg finn du og døme på utfylling av søknadsskjema med vedlegg.

Administrative bestemmingar - Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp
Tekniske bestemmingar - Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp