Septiktank/slamavskiljar

Eigedom som ikkje er tilknytt kommunalt kloakknettet må ha eigen slamavskiljar. Etablering av ny slamavskiljar krever løyve frå kommunen. Det er tvungen slamtømming i kommunen. 

Som hovudregel skal slamavskiljaren tømmast ein gang kvart andre år. Hytter og fritidsbustader er det tømming kvart fjerde år. Tømmefirmaet sender ut varsel om tømmetidspunkt og andre praktiske opplysningar. Kommunen registrerar kvar tømming som blir føretatt.

Her finn du informasjon om septiktanken på din eigedom. Her finn du oversikt over kva tid den sist var tømt og når tid ny tømming vil bli.

Akutt behov utover ordinær kontortid, ring vakttelefon til Norva24 Miljøservice Tlf. 90 87 51 11

Her finn du tips og ofte stilte spørsmål kring septiktank

Det er ulike måtar å handtere slam og avløp på. Det er ikkje alltid slamavskiljar vil vere den mest føremålstenelege løysinga. For eksempel kan det brukast forbrenningstoalett. Val av løysing bør drøftast med autorisert røyrleggarfirma, og kommunen kan kontaktast for rettleiing.