Avdeling for park og grønt har ansvar for stell og vedlikehald av offentleg park og turstiar. Vidare driv avdelinga med klipp og stell av grøntareal kring offentlege bygg i kommunen.
Oppdagar du feil eller manglar på for eksempel parker eller turstiar kan du melde i frå til oss om dette.
Meld inn feil til kommunen her
Stort ansvarsområde, og vi treng hjelp frå deg
Det er eit stort ansvarsområde; og vi må prioritere. For eit best mogleg resultat er vi avhengige av god dialog og hjelp frå deg som bur der ute og brukar områda. Det kan til dømes vere at du ønsker å bidra til å friske opp ein gammal leikeplass, rydde krattskog i nærområdet ditt, reinske eit blomsterbed, vere aktiv i eit frivillig lag som jobbar med aktivitet i det offentlege rommet.
Generelt bidra med noko du syns er viktig der du bur. Vi tar imot både råd og hjelp, så ta gjerne kontakt på e-post eller SMS. Under er ei liste over alle frivillige lag som vi allereie har tett samarbeid med, alle desse bidrar på ulikt vis til at det blir betre å bu i kommunen vår.
- Måløy idrettslag
- Skavøypoll idrettslag
- Florø sportsklubb
- Florø turn og idrettsforening
- Florø discgolf
- Sørstrand folkepark
- Byen vår Florø
- Eikefjord grendalag
- Eikefjord idrettslag
- Amondamarka velforening
- Øvre Tennebø velforening
- Deknepollvegen aktivitetspark
- Leitet Vel
- Raudeberg KFUK-KFUM speiderne
- Florø Bys Vel
- Holvik bygdelag
- Flora turlag
- Midtre Nordfjord turlag
- Måløy frisbee club
- Ytre Kulen Vel
- Florø Træplantingselskab
- Florø krigshistorielag
- Florø rotary
- Havreneset bydelsutval
- Florø sanitetsforening
- Askrova grendalag
- Svanøy grendautval
Du kan melde i frå om:
- trefall/rotfall på turstia, master eller liknande
- feil på leikeapparat/ fare for skade
- turstiar som er vaska vekk grunna store nedbørsmengder
- herværk på offentleg park
Publisert 14.01.2022 15.33
Sist endra 31.10.2024 09.22