Kva kostar det å bu i kommunal bustad?Lytt til tekstenStopp avspillingHusleiga blir sett på bakgrunn av leigeprisane på liknande bustader som er leigde ut på liknande vilkår i marknaden. Dette blir kalla “gjengs leie”. Gjengs leie er basert på undersøkingar i marknaden.Vanlegvis ligg husleiga for kommunale bustader lågare enn prisen for å leige ein tilsvarande bustad ute på marknaden.I 2024 startar Kinn kommune på arbeid med å balansere husleigene i kommunale utleigebustader. Vi ser at nokon har for låg husleige og andre har for høg husleige. Når gamle kontraktar er justerte i samsvar med ny praksis, vil følgande vera gjeldande.Endra husleigeVi justerer husleiga kvart år:Etter eitt og to år aukar husleiga i samsvar med prisveksten generelt i samfunnet. Dette blir kalla indeksregulering og inneber vanlegvis ei lita endring i husleiga.Kvart tredje år blir husleiga justert i samsvar med korleis leia generelt har endra seg i marknaden. Dette blir kalla gjengs leige-regulering og inneber som oftast ei litt større endring i husleiga.Du får vita at kjem ei endring av husleiga eit halvt år i førevegen. Den nye husleiga får du vita tre månader før. Viss endringane gjer at det blir vanskeleg for deg å betala husleiga, kan du søkja om statleg bustøtte. Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 29.04.2024 11.23 Sist endra 29.04.2024 11.30