Kommunal utleigebustad er for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Å vere vanskelegstilt på bustadmarknaden betyr at du treng hjelp til å skaffe deg ein bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsatt funksjonsevne og helsemessige eller sosiale problem.
Om kommunal bustad i Kinn kommune
For å kunne få innvilga søknad om kommunal bustad må du møte krava som er satt av kommunen. Du må vere utan eigna bustad. Dette betyr at du eller dykk
- bur mellombels hos andre, på hospits, på institusjon eller liknande.
- bur på tidsbegrensa leigekontrakt utan rett til fornying, og det er mindre enn seks månadar igjen av leigetida.
- bur i bustad som er klart ueigna på grunn av helse- eller familiesituasjon. Dette gjeld også ved søknad om bytte av kommunal bustad.
- Utanlandske statsborgarar må vere innvilga asyl eller opphald på humanitært grunnlag eller gitt varig opphaldsrett.
- Husleiga på Kinn Kommunes bustader følg leigemarknaden og kan variere med tanke på bustaden sin storleik og plassering.
- Innboforsikring er ikkje inkludert i husleiga. I følgje Husleigekontrakta sitt punkt 12 må du sjølv forsikre eigne eigedelar. Du kan kontakte eit forsikringsselskap for meir informasjon og tilbod.
Strøm
- Du må teikne eige straumabonnement, men vi hjelper deg om du treng det.
- Ved avslutning av leigeforhold eller endt leigeperiode vil straummålaren automatisk bli overført til kommunen igjen, utan at du treng å gjere noko.
- Ha jamn og god temperatur i bustaden på om lag 22-24 grader, men ikkje høgare enn det. Då slepp du store straumutgifter.
For deg som allereie bur i ein kommunal bustad
- Husleige skal betalast den 20. kvar månad. Benytt kontonummer 3705.39.85794 og KID-nummer som følg fakturaen.
- Det kan vere lurt å opprette avtalegiro. Då veit du at husleiga vert betalt i tide. Banken din kan hjelpe deg med å opprette avtalegiro.
- Om du ikkje har fått faktura må du kontakte bustadadministrasjonen på telefon: +47 902 54 992, opningstider: 12.30–15.00 tysdagar og torsdagar.
Kva skjer om du er forsinka med betalinga?
- Om du ikkje betalar husleige innan fristen vil du etter 15-20 dagar få eit inkassovarsel med purregebyr.
- Om du ikkje betalar dette går husleiga til inkasso med høgare gebyr.
- Om du ikkje betalar husleiga, risikerer du å bli kasta ut.
- Ta gjerne kontakt med bustadkontoret om du har spørsmål om betaling av det du skulda.
Kontakt oss på telefon: +47 902 54 992 (kl. 12.30–15.00, tysdagar og torsdagar)
eller e-post: bustadkontoret@kinn.kommune.no
Når du bur i kommunal bustad har du ansvar for å overhalde husordensreglane som er satt. Reglane skal bidra til at både du og dine naboar skal trivast, og for å forhindre skade på eigedomen. Bur du i eit burettslag eller eit sameige er det deira reglar som gjeld.
Kinn Kommune sine husreglar for kommunale bustader
- Kvar leigetakar pliktar å sørgje for ro og orden i leiligheita si, og for at leiger sjølv, leigeren sin husstand, framleietakere samt alle som har adgang til leiligheita eller eigendommen for øvrig ikkje skapar ubehag eller ulempe for nokon
- Musikk, radio, TV, eller noko som medfører støy – utan spesiell tillatelse – må ikkje høyrast i tida frå kl. 23.00 til kl. 07.00.
- Ytterdører skal vere låst frå kl. 23.00 til kl. 07.00 om ikkje anna er avtalt.
- Banking av tepper og risting av klede må gjerast på dertil eigna plass.
- Bruk av fellesareal: etter bruk skal einkvar sørgje for at alt er i god skikk og orden.
- I vintertida gjeld følgjande:
- Kjellervindauger må haldast godt tillukka slik at frysing vert unngått.
- Romma må haldast tilstrekkeleg oppvarma slik at frysing av vatn- og kloakkledningar vert unngått.
- Leigetaker(e) er sjølv ansvarleg for snømåking og eventuelt sandstrøing.
- I sommertida gjeld følgjande:
- Ventilar på kjellervindaugene bør stå opne slik at kjeller blir godt gjennomlufta.
- Luftventilar på vindauge i heile huset bør også haldast opne for å sørgje for god ventilering.
- Vedlikehold av tilhøyrande plen, blomsterbed og hekk er leigetakar sitt ansvar.
- Bilar, syklar eller andre køyretøy må ikkje parkerast utanom anviste plassar uten skriftleg løyve frå utleiger.
- På gårdsplass, i oppgangar, kjellergangar og liknande er det ikkje tillatt å lagre varer/gjenstandar. Alle naudutgangar skal haldast fri for hindringar.
- Avfall må leggast i dei korrekte kjeldeesorteringsbehaldarane, og pass samstundes på at lokka er lukka skikkeleg:
- Brun: Våtorganisk avfall (mat, tørkepair m.m.)
- Svart: Restavfall
- Blå: Vanleg papir, aviser og tomme melkekartonger
- Raud: Glas- og metallembalasje
- Plastsekk: Plastavfall
- Bustaden må ikkje skadast. Dersom fast inventar vert fjerna (eksempel gardinstenger, ovnar, innebygde kvitevarer etc.) blir leigetakar erstatningsansvarleg. Det er forventa at leigetakar behandlar bustaden på ein god måte.
- Gang- og trappevask: Alle leigetakarar er pliktig å reingjere gang og trappeareal etter fastsatte uker.
Hugs: Orden, reinslegheit og vennleg åtferd skapar hygge og trivsel!
Vi justerer husleiga kvart år:
- Etter eitt og to år aukar husleiga i samsvar til prisveksten elles i samfunnet. Dette blir kalla indeksregulering og inneber vanlegvis ei lita endring i husleiga.
- Kvart tredje år justerast husleiga i samsvar til korleis leiga har endra seg i marknaden. Dette blir kalla for gjengs leige-regulering, og inneber som oftast ein litt større endring i husleiga.
Du får vite at det kjem ei endring i husleiga eit halvt år i forvegen. Den nye husleiga får du vite om to månader før. Viss endringane gjer det vanskeleg for deg å betale husleiga, kan du søke om statlig bustøtte eller kommunal bustøtte.
Vi jobbar heile tida med å sikre våre kommunale bustader mot brann, men det er og viktig at du som bebuar hjelper oss.
- Det skal bytast batteri i røykvarslarane minst ein gong i året, gjerne 1. desember som er røykvarslarens dag. Du bør og teste varslarane dine jamt ved å trykke på testknappen.
- Alle bustadar er utstyrt med eit brannsløkkingsapparat. Alle som bur i kommunale bustader har ansvaret for å sjekke at pila på apparatet peikar på det grøne feltet.
- Alle apparat vert kontrollert 1 gang i året, med ein service på apparatet etter 5 år.
- Eit særs viktig ansvar er å reingjere kjøkkenvifta frå brannfarleg feitt. Kjøkkenvifta si oppgåve er å fange opp feittet frå matlaginga og vifta må då reingjerast jamt for å sikre bustaden mot brannfarleg feitt.
- Ring brannvesenet på telefonnummer 110 dersom det brenn.
Kinn bustadkontor
E-post: bustadkontoret@kinn.kommune.no (måndag–fredag kl. 08.00–15.30)
Telefonnummer: +47 902 54 992 (tysdag og torsdag 12.30–15.00)
Ved andre førespurnadar: Kinn Sentralbord
Telefonnummer:+47 57 75 60 00 (kl. 09.00-15.00 måndag–fredag)
Nødetatar
Brannvesen: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113
Publisert 26.02.2020 16.02
Sist endra 21.08.2024 12.38