Utsleppsløyve

Dersom eigedomen din ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett, må du ha eit eige godkjent avløpsanlegg. Dette gjeld både bustad, fritidsbustad og næringsbygg. 

Søknadsskjema og ferdigattest

Søknad om utslepp av sanitært og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter

Søknad om ferdigattest for private utslepp

Du må ha utsleppsløyve frå kommunen

Du må ha fått utsleppsløyve frå Kinn kommune før du kan etablere avløpsanlegg eller gjennomføre tiltak som aukar bruken av vatn på eigedomen.

Anlegg for handtering av gråvatn frå eigedom med innlagt vatn er også søknadspliktig og krev utsleppsløyve frå kommunen.

Alle private avløpsanlegg er omfatta av tvungen slamtømming, som kommunen følgjer opp.

Sjå ord og forklaringar lenger nede på sida.