Grensejustering

Enkle grensejusteringar handsamast etter matrikkelloven. Det er ikkje nødvendig med behandling etter plan- og bygningsloven der vilkåra lista opp under er dekka.

Vilkår for grensejustering

  • Det kan berre grensejusterast mellom matrikulerte eigedomar.
  • Maksimalt areal som kan grensejusterast er 500m2 uansett størrelse på grunneigedom.
  • Det er berre mindre areal som kan overførast ved grensejustering. Dersom arealet utgjer meir enn 5% av den minste av dei involverte eigendomane skal saka handsamast som ein arealoverføring, og då må ein først søke om delingsløyve etter plan- og bygningslova.
  • Ved gjensidig grensejustering (makebytte) kan man brutto endre opp til 20%, men netto endring kan ikkje overstige 5%. Det betyr at 80% av grunneigedomen skal ligge urørt.
  • Maksimalt areal som kan grensejusterast er 500m2 uansett størrelse på grunneigedom, og verdien på matrikkeleininga kan ikkje endrast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygden).
  • Grensejusteringa må ikkje vere i strid med andre lover eller arealplanar, t.d. plan- og bygningslova, jordlova, konsesjonslova, eller gjeldande arealplanar.
  • Aktuelle areal må ha like bruksformål i gjeldande arealplanar – det sjekkar du i kartportalen vår.
Utsnitt av kart i målestokk 1:500. Gjensidig grensejustering er avmerkte med grønt. Nødvendig tekst er påført. - Klikk for stort bileteUtsnitt av kart i målestokk 1:500. Gjensidig grensejustering er avmerkte med grønt. Nødvendig tekst er påført.


Rekvisisjon av grensejustering

Klikk her for å kome til skjemaet som skal brukast - rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
Kryss av i rubrikk grensejustering og pass på å ta med alle aktuelle vedlegg.

Dette må du legge ved rekvisisjonen:

  • signert avtale mellom partane
  • kart som viser aktuelle områder
  • dokument som viser ei oppstilling av arealrekneskap for eigendomane før og etter avtalt grensejustering, og med verdi setting av arealet. Om du veit om det er gjort grensejusteringar tidlegare er det fint om du noterer dette også, då det er eigendomen sitt opphavlege areal som leggast til grunn for utrekning av kva som er lov å grensejustere.

Rekvisisjonen må underskrivast av alle partane og husk at det er berre den som har heimel til eigedomen, eller fullmakt til det som kan signere.

Viktige moment

Ved ei grensejustering overførast areal mellom eigedomane utan heftingar. Det vil si at rettigheitar og heftingar som er knytta til arealet som overførast ikkje følger med areala. Det er difor viktig at om det finnast rettigheitshavarar bør desse bli varsla av grunneigar slik at dei kan møte opp ved ein oppmålingsforretning, og dermed ta vare på eigne interessar. Det skal ikkje skrivast ut skjøte for areal som grensejusterast og endringa vert heller ikkje tinglyst.

Gebyr

I saker som berre skal handsamast etter matrikkellova vil det bli krevd oppmålingsgebyr.

Lovheimlar for grensejustering

  • Matrikkellova Kapittel 3 – §16
  • Matrikkelforskrifta Kapittel 4 - §34