Matrikkelbrev

Matrikkelbrev er ein attestert utskrift som viser alle registrerte opplysningar om ein gitt matrikkeleining (eigedom) ved ein gitt dato. 

I matrikkelbrevet finn du detaljerte opplysningar om eigedomen

Eit matrikkelbrev er dokumentasjon og stadfesting på at eit resultat frå oppmålingsforretning er ført i matrikkelen. Her finn du informasjon om når eigedomen vart etablert og endringar som har funne stad, og du finn opplysningar om bygningar og adresser.

Kven kan bestille eit matrikkelbrev?

Den som er registrert som eigar i grunnboka eller er part i ei aktuell sak som kan bestille matrikkelbrev. 

Du kan sende ein e-post til kommunen merka matrikkelbrev og kva eigedom det gjeld. Kommunen gjer merksam på at utskrift av matrikkelbrev er gebyrbelagt.
E-post: post@kinn.kommune.no

Har du oppdaga feil i matrikkelbrevet?

Matrikkelloven regulerer kven som kan krevje retting av feil og manglar i matrikkelen. Den som krevjar retting, må dokumentere at opplysningane som er registrert i matrikkelen er uriktige eller ufullstendige.

Kommunen retter kontinuerleg feil og manglar. Det gjeld for eksempel der eldre bygningar er registrert utan bustadinformasjon. Dersom vi har tilstrekkeleg dokumentasjon i vårt byggesaksarkiv kan kommunen rette utan at kravet er sendt inn av heimelshavar (eigar). 

Om du oppdagar feil eller manglar kan du sende inn oppdatert informasjon til kommunen. Legg ved dokumentasjon som syner dei faktiske forholda (til dømes teikningar, kart, foto).

Dokumentasjonen kan sendast til kommunen

Gebyr

Satsar for utskrift av matrikkelbrev er satt i matrikkelforskrifta