MatrikkelLytt til tekstenStopp avspillingMatrikkelen er Norge sitt offisielle eigedomsregister, og her finn du informasjon om grunneigedom (eigedomsgrenser og areal), bygningar og adresser.Kort fortalt kan ein dele matrikkelen inn i tre deler1. grunneigedom 2. bygningar3. adresse Om du har spørsmål om grunneigedom, kan du ta kontakt med oppmålingsavdelinga i kommunen.Du er sjølv pliktig til å sjå til at informasjonen i matrikkelen er korrekt. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Kva er forskjellen på matrikkelen og grunnboka? Matrikkelen er Norge sitt offisielle eigedomsregister, og inneheld opplysningar om eigedomsgrenser, areal, bygningar og adresser. Grunnboka inneheld tinglyste opplysningar om rettar til eigendommar, slik som registrerte eigarar, panterettar og andre rettar. Eit grunnboksblad for ein eigendom inneheld opplysningar om kva for eigendom den er skilt ut frå, og om det er frådelt eigendommar frå den. Ønsker du utskrift av grunnbok kan du ta utskrift sjølv via kartverket sine sider. Kven eiger eigedomen? Treng du informasjon om kven som eig eigedomane rundt din eigedom kan du bestille naboliste via vårt eTorg (gebyrbelagt). Du finner elles mykje opplysningar på kommunekart eller på arealplaner.no Kommunen kan ikkje gi ut opplysningar om eigarforhold på eigedomar. Treng du den informasjonen så kan du sjå Se Eiendom hos Kartverket. Kva er tinglyst? Heftelsar som er tinglyst på ein eigedom kan du finne opplysningane om på Kartverket si løysning Se eiendom Du kan og bestille grunnboksutskrift eller kopi av tinglyste dokument frå Kartverket her Eg har oppdaga ein feil, kva no? Er det feil eller manglar i matrikkelen på ein bygning du eig, kan du kontakte kommunen og vi vil sjå på saka. Du må dokumentere kva du meiner er korrekt. Dokumentasjon som kan nyttast er bilder, godkjente teikningar og ein eventuell takst (her gjer vi merksam på at kommunen bruker BRA og BTA. På takstrapport kan det bli brukt anna utrekning av areal). Bruk vårt digitale skjema for å sende oss feil eller manglar i matrikkelen Det kan også sendast til Kinn kommune per post til: postboks 294, 6701 Måløy, eller på e-post til: post@kinn.kommune.no. Merk e-post eller brev med matrikkel. Bruksareal er måleverdig areal innanfor omgjevne vegger Opningar i etasjeskiljet medreknast i bruksareal. Bruttoareal er areal inkludert yttervegger og summerast for alle plan i ein bygning. Publisert 29.06.2023 14.36 Sist endra 10.01.2024 10.56