Adresser

Det er kommunen som er ansvarleg for offisielle adresser, nummertildeling og skilting av vegnamn.  

Adresser stadfestar bygningar i kartet, og gjer det difor lettare å finne fram til rett sted

Det er ei målsetjing at alle utbygde eigedomar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse, med adressenummer og eventuell bokstav. 

Med offisiell adresse meiner vi

  1. vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav. 
  2. matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn.

Alle bygningar som brukast til bustadføremål, fritidsføremål, næringsverksemd, offentleg verksemd, eller anna offentleg eller publikumsretta verksemd skal få tildelt adresse. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse.  

Den tildelte adressa er eigedomen/bustaden si offisielle adresse

Dette blir også postadressa dersom ikkje postboks eller anna er avtalt med Posten. Har du spørsmål til Posten, kontakt Posten kundeservice på telefon 22 03 00 00 eller via Posten si heimeside