Rettleiing om søknad om deling av eigedom

3 Kva skjer når delingsløyve vert gjeve?

Når delingsløyve er gjeve, vert saka sendt til kommunen si oppmålingsavdeling for gjennomføring i høve matrikkellova. Nokre gongar vert det sett vilkår i delingsløyvet som søkaren må oppfylle før delinga kan bli gjennomført.

Oppmålingsavdelinga har ei frist på 16 veker for å starte på oppmålingssaka, jf. § 18 matrikkelforskrifta etter at vedtak om deling er gjeve og rekvisisjon av oppmålingsforretning er sendt inn. Oppmålingsavdelinga er den instansen som held oppmålingsforretning. Heimelshavarar og eigarar av tilgrensande naboeigedomar får skriftleg varsel minst 14 dagar før oppmålinga. Som regel vert oppmålingsforretninga halde på den aktuelle tomta. Her vert eksisterande grenser avklart og nye, godkjente delelinjer påvist og merka etter einigheit frå partane.

Etter tinglysing sender oppmålingsavdelinga ut eit matrikkelbrev og eit situasjonskart, som er ei fullstendig beskriving av eigendomen med koordinatfesta grenser.

Gebyr

Arbeidet med ei delingssak er gebyrbelagt etter kommunen sitt gebyrregulativ. Gebyret består av sakshandsamingsgebyr og oppmålings- og tinglysingsgebyr. I alle saker må det betalast oppmålings- og tinglysningsgebyr.
Kinn kommune sitt gebyrregulativ finn du på vår heimeside.

Klage

Vedtaket kan klagast på av ein part eller ein annan med rettsleg klageinteresse i saka, jf. § 28 i forvaltningslova. Klagen må sendast til Kinn kommune seinast tre veker etter at vedtaket er mottatt, eller klagar på annan måte er blitt gjort kjend med innhaldet.

Klagen kan sendast via vårt elektronisk skjema, til post@kinn.kommune.no eller til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

Kommunen vil handsame klagen. Dersom kommunen fastheld sitt vedtak, vil klagen, samt alle naudsynte saksdokument bli sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg handsaming. Der ei klage fører fram kan klagar etter tilhøva ha krav på å få dekka sine kostnadar med å setje fram klagen, jf. forvaltningslova § 36.