Rettleiing om søknad om deling av eigedom

2 Korleis blir delingssøknaden handsama?

Når ein delingssøknad er mottatt og registrert, vert den tildelt ein sakshandsamar hos byggesaksavdelinga i kommunen. Sakshandsamar vil så ta ein gjennomgang av saken. Dersom søknaden har manglar vert dette opplyst om i eit tilsendt brev med krav om retting. Når kommunen har motteke naudsynte suppleringar, vert saken teken opp til endeleg handsaming.

Krav til dokumentasjon

Plan- og bygningslova § 18-1 stiller krav om at regulert veg skal vere opparbeidd til- eller langs tomta før delingsløyve eller byggeløyve vert gjeve. Det same gjeld for tilknyting til vatn- og avløpsleidningar.

Du må vere obs på at planføresegner også kan innehalde andre pålegg, som for eksempel krav om opparbeiding av fellesareal eller støyskjerming. Undersøk alltid gjeldande planføresegner på førehand.

Om det ikkje er etablert offentleg veg fram til den nye parsellen, vil dette krevje at ein får vegrett over ein naboeigedom. Ein må då gå i dialog med naboar om kva moglegheiter som finns og det må etablerast ei privatrettsleg avtale. Det same gjeld dersom det ikkje er offentlege vatn- og avløpsleidningar og ein må etablere privat utsleppsløysing. Dersom slike leidningar må gå over annan privat grunn, må det etablerast ei slik avtale. Skjemaet ”Erklæring om rettighet i fast eigendom” skal signerast av dei grunneigarane som gjev rettigheten.

Handsaming

For å få ei rask og føreseieleg handsaming av delingssøknaden må det vere gjort greie for forhold nemnt under krav til dokumentasjon. Manglande dokumentasjon i søknaden medfører lengre sakshandsamingstid.

For søknadar som krev dispensasjon er sakshandsamingsfrista 12 veker frå søknaden er registrert hjå kommunen. Særleg i dei saker der dispensasjonen gjeld forhold til landbruk-, natur- og friluftsområde (LNF-områder) og 100- metersbeltet i strandsona, skal saka sendast på høyring til Statsforvaltaren, fylkeskommunen og eventuelle andre offentlege instansar. Uttale frå andre offentlege myndigheiter vert førande for kommunen sitt vedtak. Frist for slik høyringsuttale er 4 veker.
Når all naudsynt dokumentasjon er levert og alle merknadar eller høyringsuttaler er motteke, vert saka teken opp til handsaming. Søkjar, samt dei partar som har hatt merknadar til saka, vert underretta om vedtaket via Altinn.