Rettleiing om søknad om deling av eigedom

1 Deling eller grensejustering?

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit nytt gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir først registrert i det offentlege eigedomsregisteret, matrikkelen og så i grunnboka hos Kartverket (tinglysing). Du kan lese meir om dette på Kartverket sine sider.

Deling eller endring av eigedom krev søknad og løyve (sjå § 26-1, jf. §§ 20-1, bokstav m og 20-4, bokstav d i plan- og bygningslova (pbl). Kommunen er lokal matrikkelmynde og har ansvar for oppmåling og matrikkelføring, og å sørge for å sende dokumentasjon til Kartverket for tinglysing. Det er også kommunen som attesterer matrikkelbrevet.

Mindre grensejusteringar som oppfyller ein del vilkår kan ha krav på ei forenkla handsaming (sjå kapittel Søknad om grensejustering side 8 og 9.) Dei grensejusteringane som ikkje kan handsamast som forenkla grensejustering må handsamast som ei delingssak.

Deling og oppmåling av ny eigedom er en todelt prosess hjå kommunen. Først må ein søke deling etter plan- og bygningslova og når ein har fått løyve til dette kan ein sende rekvisisjon til oppmåling etter matrikkellova. Du kan levere rekvisisjon samstundes med delingsøknaden eller etterpå.

Det er hovudsakleg gjeldande arealplan med føresegner, eventuelle retningslinjer i kommuneplanen om deling av tomter, samt pbl § 20-1 som avgjer om du kan få lov til å dele ei tomt. Om arealet er innanfor eit område avsett til landbruk vil det også vere behov for handsaming etter jordlova.
Matrikkellova (lov om eigedomsregistrering) setter krav til rekvisisjon og gjennomføring av oppmålingsforetninga.

Kostnad

Det er fastsett gebyr for handsaming av søknadar om deling/endring av eigedom, samt gjennomføring av oppmålingsforretning der ny eigedom/endring av eigedomsgrenser vert oppretta i matrikkelen.

Døme på kostnadar ved ei frådeling på 1000m2 (* ikkje naudsynt i alle saker):

Søknad om deling, pbl. § 20-1 m, uregulert område kr. 8 400,- 
Søknad om dispensasjon frå arealplan, pbl. § 19-1 kr. 11 500,-* 
Delingsløyve etter jordlova kr. 2 000,-*
Oppmåling kr. 31 000,-
Totalt gebyr for kommunen si sakshandsaming kr. 52 900,-

Dette er eit døme på gebyr ut ifrå gebyrregulativet for 2022 og er ikkje bindande. Totalt gebyr vert fastsett ut ifrå den enkelte sak. Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på kva di sak vil koste.

Kven kan søke?

Som hovudregel er det heimelshavar, det vil sei den som står som eigar i grunnboka hos Kartverket v/ tinglysinga, som søkjer. Dersom der er fleire heimelshavarar må alle skrive under på søknaden, eventuelt at det vert lagt ved ei signert fullmakt frå alle eigarane som gjev ein enkeltperson/føretak lov til å utføre delingsprosessen. Ved dødsbu må heimelen overførast før det kan søkjast om frådeling.

Når eit firma er heimelshavar, må søknaden underskrivast av den eller dei som har fullmakt ifølgje firmaattesten. Legg ved kopi av attest som ikkje er eldre enn 1 år. Det er berre i særskilde tilfelle at andre kan søkje.

Kva må søknaden innehalde?

Søknadsskjema

Søknadsskjema må innehalde gardsnummer, bruksnummer og adresse for eigedomen som skal delast. Det må kryssast av i alle rubrikkar som fortel kva søknaden gjelder.

Søknaden må dokumentere at krav om tilkomst, vatn og avløp er tilfredsstilt, samt eventuelle krav sett i gjeldande arealplan. Dette kan for eksempel vere krav til friareal, støyskjermar o.l. Dersom delegrensa skal gå gjennom bygning, f.eks. gjennom eit vertikaldelt hus, må gjeldande krav til brannsikring vere ivaretatt.

Dersom deling ikkje er i samsvar gjeldande arealplan og det føreligg særskilde grunnar, kan du søke om dispensasjon. Dersom du søkjer om dispensasjon skal dette vere markert i skjemaet under del A. Søknadar om dispensasjon skal grunngjevast.

Her finn du Kinn kommune sitt digitale skjema for søknad om deling

Papirutgåva av skjema for søknad om deling finn du her

Kart

Du må leggje ved kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 som er nyare enn 6 månadar, der du teiknar inn kva det skal søkast om. Dette er for eksempel kva del av tomta som skal delast frå. Det må også kome klart fram kva som er eksisterande og kva som er nye grenser.

I kommunen sitt eTorg finn du digitale kart, 3D-modellar, nabovarsel, eigedomsinformasjon, arealplanar, meklarpakke og mange andre nyttige produkt som grunnlag for søknad om deling.

Nabovarsling

Skjemaet finn du på Direktorat for byggkvalitet si heimeside

Du kan også få nabovarselskjema hos servicetorga våre i Florø og Måløy.

Søknaden må innehalde utfylt nabovarslingsskjema med kvittering frå alle naboar og gjenbuarar som har motteke varsel. Ein skal som hovudregel varsle alle tilgrensande naboar, samt gjenbuarar som er direkte over vegen. I særskilde tilfelle, slik som f.eks. ved store avstandar, kan nabovarsling unnlatast, jf. pbl. § 21-3, andre ledd. Kvittering frå posten for rekommandert brev kan også nyttast som kvittering for sendt varsel. Dersom søknaden inneheld dispensasjon må dette kome klart fram i nabovarslingsskjemaet.

Saka skal ikkje sendast til kommunen før fristen for å kome med merknad til nabovarsel er gått ut, det vil sei 14 dagar etter rekommandert sending er sendt eller nabovarsel er stadfesta motteke, anten skriftleg eller digitalt.

Dersom ein har motteke nabomerknadar må søknaden innehalde søkjar si vurdering av merknadane. Dette kan vere ei beskriving av kva som er gjort for å imøtekome merknadane eller eventuelt ei grunngjeving for kvifor desse ikkje bør ha verknad på saka.

Veg, vatn og avløp

Før ein søker om frådeling må ein få avklart om veg, vatn og kloakk er opparbeida eller om det er mogleg å opparbeide. Dette gjeld også eventuelle rettar til å legge veg eller leidningar over annan privat grunn. Skal dette leggast over eksisterande tomt eller anna grunn må kommunen få tilsendt ei skriftleg avtale om det. Denne avtalen må tinglysast når det nye arealet har fått tildelt gbnr. 

Skjema finn du i vårt søknadssenter

Dispensasjon

Dersom du meiner at du har ein særskild situasjon som gjer at det bør gjevast unntak frå gjeldande plan, kan du søkje om dispensasjon etter pbl. § 19-1. Slike søknadar må grunngjevast. Typiske forhold ein treng å søkje dispensasjon frå er om eigedomen ligg innafor 100-metersbeltet i strandsona, jf. pbl. § 1-8, eller om delinga vert i strid med arealføremålet i gjeldande plan. Dispensasjonar gjeld for unntakstilfelle og krev god grunngjeving. Ofte skal dispensasjonar også sendast på høyring til andre offentlege instansar, slik som Statsforvaltar eller fylkeskommune. Deira tilråding vil vere førande for kommunen sitt vedtak.
Dispensasjonar vert gebyrlagt uavhengig av om den vert innvilga eller avslått. 

Søknad om dispensasjon fyller man ut i søknadsskjema under DEL A.

Dersom ein ønskjer å dele frå eit større tal tomter og/eller etablere nye byggeområder, vil dette truleg omfatte ei planendring. Dette vil krevje at ein engasjerer ein plankyndig konsulent og fremjar eit planspørsmål til kommunen si planavdeling. Ta kontakt dersom du er usikker på om ditt prosjekt bør fremjast som eit planspørsmål.
Informasjon om gjeldande arealplan med føresegner finner du i kommunen sin kartportal

Løyve etter jordlova for landbrukseigedomar

Om det frådelte arealet ligg på landbruksareal så må ein søke om godkjenning etter jordlova jf jordlova §§ 9 og 12, det fyller du ut på DEL B på søknadskjema. Dette er eit gebyrbelagt handsaming.

Les meir om dette her

Rekvisisjon av oppmålingsforetning, krav om matrikulering

Som trinn to av oppretting/endring av grunneigedom må det haldast oppmålingsforretning der nye eigedomsgrenser vert fastlagt og oppretta formelt i matrikkelen.

Det må sendast inn krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning, før slik oppmåling kan haldast.

Kravet kan sendast samstundes med søknad om deling, eller etter at det er gjeve løyve til deling. Det må leggast ved saksreferanse til løyve til deling/oppretting eller endring av eigedom. Det vert teke oppmålingsgebyr for dette arbeidet, jamfør forskrift om gebyr for dette arbeidet og prislista.

Dersom det ikkje er sendt inn krav om matrikulering og rekvirert oppmålingsforretning innan 3 år etter delingsløyvet, fell løyvet til deling bort. Vilkår i løyvet må du sørge for vert oppfylt innan denne fristen. Du må og sørge for at det ikkje føreligg forhold som hindrar matrikulering (oppretting/endring og tinglysing av eigedom) innan same 3-årsfrist.

Dersom du vel å fremje ein søknad om deling, oppmodar vi om å sjå på våre heimesider for å finne fram til søknadsskjema, oppdatert situasjonskart og oversikt over kva naboar og gjenbuarar som skal varslast. Ta kontakt med kommunen sitt servicetorg om du ikkje finn fram.

Komplett søknad om deling av grunneigedom sender du til post@kinn.kommune.no eller via post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.