Ferdigattest og avslutting av byggesakerLytt til tekstenStopp avspillingFerdigattestar er ein formell avslutning av byggesaka di og ei stadfesting på at du no kan ta i bruk tiltaket ditt lovleg.Kommunen får ofte spørsmål om kva ein må gjere dersom ein bustad eller andre byggetiltak manglar mellombels bruksløyve eller endeleg ferdigattest. Dette vert særleg ei aktuell problemstilling ved sal av eigedom. Korleis dette kan bli løyst avhenger av kor lenge sidan det er at byggesøknaden blei sendt inn. Sjå vidare informasjon nedanfor. Mellombels bruksløyve eller ferdigattest – kva er skilnaden? Mellombels bruksløyve Omgrepa bruksløyve og ferdigattest kan høyrast likelydande ut, men der er stor skilnad på kva dei inneber. Eit bruksløyve er ei forkorting av det som formelt heiter mellombels bruksløyve. Dette er, som namnet tilseier, eit løyve til å midlertidig ta i bruk byggetiltaket ditt, før den formelle ferdigattesten er på plass. Dersom det står igjen mindre vesentleg arbeid på eit byggetiltak, kan du søkje om mellombels bruksløyve etter plan- og bygningslova § 21-10, tredje ledd. Bruksløyvet kan gjelde for anten delar av – eller heile tiltaket. Dette er ofte aktuelt i situasjonar der du er ferdig med det meste av eit prosjekt, men mindre ting står att. For eksempel om du har bygd ein ny einebustad, men garasjen ikkje er heilt ferdig. Dersom alt har tilfredsstillande tryggleiksnivå, kan du søkje mellombels bruksløyve for å kunne ta i bruk sjølve huset, så søkjer du endeleg ferdigattest så snart garasjen er ferdigstilt. I ein slik søknad skal du stadfeste tidspunkt for ferdigstilling. Når kommunen då sender ut mellombels bruksløyve, vil dette tidspunktet vere utløpsdatoen for løyvet. Dette vil sei at dersom du har fått mellombels bruksløyve for eit tiltak og dato for ferdigstilling er gått ut utan at du har fått endeleg ferdigattest, så har du ikkje lenger eit lovleg løyve til å bruke byggetiltaket. Ferdigattest Ferdigattest er den offisielle avslutninga av byggesaka di og er ei stadfesting på at du no kan ta i bruk tiltaket ditt lovleg. Attesten er ein sluttdokumentasjon som skal sikre at tiltaket blei gjennomført i samsvar med tryggleiks- og kvalitetskrava som er forankra i plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift. Ferdigattestar er høgst aktuelle for forsikringsselskap å forhalda seg til i tilfelle noko skulle skje med tiltaket, for eksempel i forbindelse med ein brann, skade eller liknande. I tillegg til persontryggleik, er dette noko som kan få viktig betyding når du sel eigedomen din. Så snart kommunen har motteke søknad om ferdigattest og handsama denne, vil dato for ferdigattest bli registrert i matrikkelen – Norge sitt offisielle eigedomsregister. Byggesaka vil deretter bli avslutta og du kan såleis vere trygg på at godkjenningar for prosjektet ditt er i orden. Byggesøknadar som blei sendt inn før 01.01.1998 Det er ikkje krav om ferdigattest for tiltak som blei søkt om og godkjent før 1. januar 1998. Teikningar som låg til grunn for byggetiltaket er dei som framleis er rekna som godkjent. Det er byggetiltaket sin eigar som er ansvarleg for at det er utført i tråd med gjeve løyve. Det er vidare viktig å merke seg at søknadspliktige tiltak som vart utført utan byggeløyve før den tid, framleis er rekna som ulovlege. Dei vil ikkje vere rekna som automatisk godkjent, sjølv om det ikkje er krav om ferdigattest. Der er ikkje foreldingsfrist for ulovlege byggetiltak. Byggesøknadar som blei sendt inn mellom 01.01.1998 og 30.06.2010 Det er krav om ferdigattest for alle byggetiltak omsøkt og godkjent etter 1. januar 1998. For dei tiltaka som fekk mellombels bruksløyve, kan kommunen gje ferdigattest med forenkla søknad på bakgrunn av eitt av dei følgjande alternativa: a) Det gjensto ikkje arbeid av alvorleg karakter knytt til helse, miljø eller tryggleik. Ferdigattest kan då gjevast etter erklæring frå eit ansvarleg føretak. b) Det gjensto berre arbeid av mindre betyding som ikkje ville kravd ansvarleg føretak for å utføre. Ferdigattest kan då gjevast etter eigenerklæring frå tiltakshavar sjølv. Forenkla søknad om ferdigattest betyr då at du berre sender inn standard søknadsskjema for ferdigattest. Som det går fram av alternativa ovanfor, vil dette vere avhengig av omfanget og kompleksiteten av det arbeidet som gjensto når bruksløyve vart gjeve. Om du har mellombels bruksløyve og er usikker på kva alternativ du kan nytte, kan du anten spør kommunen eller lese meir utfyllande om kva som inngår i bokstav a) og b) under rettleiingsteksten til § 8-1, sjette ledd i byggesaksforskrifta (SAK10) her. Dersom du kan søke etter bokstav a) og det ikkje er mogleg å få tak i dei føretaka som hadde ansvarsrett i den opphavelege byggesaka, må eitt eller fleire andre føretak ta over ansvaret. Kommunen kan også pålegge uavhengig kontroll av arbeidet dersom ein ser det som naudsynt. Kva gjer ein om tiltaket aldri hadde mellombels bruksløyve? Dersom det aldri vart gjeve mellombels bruksløyve må eit ansvarleg føretak søke om ferdigattest på vanleg måte. Dette vil sei med standard søknadsskjema, oppdatert gjennomføringsplan og andre eventuelle vilkår som gjekk fram av byggeløyvet. Det ideelle er at det er firmaet som var ansvarleg søkjar i den opphavelege byggesaka som tek seg av dette. Dersom dette ikkje er mogleg, må du få eit nytt firma til å ta på seg denne søkjarrolla. Søkjar vil då undersøkje kva samsvarserklæringar som låg føre og kva som eventuelt manglar. I dei tilfelle der det manglar samsvarserklæring for eit ansvarsområde og det ikkje er mogleg å få tak i firmaet, må eit nytt firma gå god for arbeidet. Også i desse tilfella kan uavhengig kontroll vere aktuelt for kommunen å pålegge. Søknad var sendt inn utan ansvarleg føretak Dersom byggetiltaket ditt var omsøkt utan ansvarleg føretak, sjå fana nedanfor om «Mindre byggetiltak utan ansvarleg føretak». Byggesøknadar sendt inn etter 30.06.2010 For desse sakene gjeld ikkje unntaksreglane om forenkla søknad, noko som betyr at eit ansvarleg føretak må søke om ferdigattest på vanleg måte. Dette vil sei med standard søknadsskjema, oppdatert gjennomføringsplan og andre eventuelle vilkår som gjekk fram av byggeløyvet. Det ideelle er at det er firmaet som var ansvarleg søkjar i den opphavelege byggesaka som tek seg av dette. Dersom dette ikkje er mogleg, må du få eit nytt firma til å ta på seg denne søkjarrolla. Søkjar vil då undersøkje kva samsvarserklæringar som låg føre og kva som eventuelt manglar. I dei tilfelle der det manglar samsvarserklæring for eit ansvarsområde og det ikkje er mogleg å få tak i firmaet, må eit nytt firma gå god for arbeidet. Også i desse tilfella kan uavhengig kontroll vere aktuelt for kommunen å pålegge. Dersom byggetiltaket ditt var omsøkt utan ansvarleg føretak, sjå punktet om «Mindre byggetiltak utan ansvarleg føretak». Mindre byggetiltak utan ansvarleg føretak Enkelte mindre byggetiltak blir søkt om og gjennomført utan ansvarlege føretak. Dette er rekna som tiltak utan ansvarsrett etter plan- og bygningslova § 20-4. I desse tilfella er det tilstrekkeleg at tiltakshavar sjølv sender inn eit standard søknadsskjema om ferdigattest som stadfester at arbeidet er utført i tråd med gjeve løyve og lovverk. Korleis kan eg sjekke om tiltaket mitt manglar ferdigattest? Du har moglegheit å sjekke om tiltak på din eigedom har ferdigattest gjennom den digitale løysinga til kartverket. På framsida søkjer du på eigedomen det gjeld. Slik går du fram: Under avsnittet om «Informasjon frå matrikkelen» kan du opne fana «Bygningar». Her får du informasjon om kva byggetiltak som er ført opp på eigedomen. Under «Status» skal det stå «Ferdigattest» dersom dette er gjeve. For eldre tiltak før 1998 står det ofte «Tatt i bruk». Klikk her for å kome til Kartverket si side Dersom du kkje finn fram eller er usikker på kva som er status, kan du ta kontakt med kommunen for å få undersøkt arkivet. Eg har endra på tiltaket mitt før det er søkt om ferdigattest Tiltaket som du søkjer om ferdigattest på, skal vere utført i tråd med gjeve løyve. Dersom du ønskjer å gjere større endringar på tiltaket før søknad om ferdigattest, kan du søkje om ei endring av gjeve løyve. Dette skal gjerast på same måte som opphaveleg søknad, men du kan nytte eige skjema for søknad om endring. Om det er eit ansvarleg føretak som søkjer for deg, skal dei ta seg av dette. Sjå elles fane nedanfor med link til skjema. Dersom ei vesentleg endring allereie er utført utan at det er omsøkt og godkjent, har ein moglegheit til å ettersende slik søknad til kommunen. Der er likevel ingen førehandsgaranti for at du får innvilga denne endringa og slike tiltak skal alltid søkast om før du set i gang med arbeidet. Dersom du får avslag på endringssøknaden, er kommunen pliktig å følgje opp tiltaket som eit ulovleg byggetiltak etter plan- og bygningslova kapittel 32. Mindre vesentlege endringar før søknad om ferdigattest Du har likevel moglegheit å gjere mindre vesentlege endringar på eit byggetiltak før du søkjer om ferdigattest. Dette føreset at endringa er av så liten karakter at det ikkje ville utløyst søknadsplikt i utgangspunktet. Du legg då ved dokumentasjon for denne endringa når du sender inn søknad om ferdigattest. Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på om endringa krev søknad eller ikkje. Gebyr for ferdigattest Gjennomførte tiltak som fekk byggeløyve for meir enn seks år sidan eller som fekk mellombels bruksløyve for over to år sidan vert fakturert for ferdigattesten etter Kinn kommune sitt gebyrregulativ. I nyare byggesaker som ligg innanfor tidsramma nemnt ovanfor, vert det ikkje påført meirkostnadar for tiltakshavar enn dei sakshandsamingsgebyra som allereie er betalt.Gjeldande gebyrregulativ finn du her Skjema for søknad om ferdigattest og endring av løyve Vi anbefaler at det vert nytta digitale søknadsløysingar for innsending av byggesøknadar. Dette bidreg til ein meir brukarvennleg søknadsprosess og betre kvalitet på søknadane. Eldre søknadar som ikkje var starta i ei digital søknadsløysing må derimot ferdigstillast gjennom manuelle skjema. Digitale søknadsløysingar finn du her Relevante søknadsskjema i papirversjon finn du her: Søknad om ferdigattest Samsvarserklæring Gjennomføringsplan Søknad om endring av gitt løyve Relevant lovverk Plan- og bygningslova § 21-10, Sluttkontroll og ferdigattest Byggesaksforskrifta (SAK10) § 8-1, Ferdigstilling av tiltak Publisert 08.05.2023 12.04 Sist endra 21.03.2025 08.50