1 Verkeområde
Forskrifta gjev reglar om kommunal skulefritidsordning (SFO) i Kinn kommune for elevar på 1. – 4. årstrinn, og for elevar med særskilt behov på 5. – 7. årstrinn, jf. opplæringslova § 13-7 med forskrifter.
Andre tilhøve som er regulert i opplæringslova med forskrifter som også gjeld skulefritidsordninga, er m.a.:
- Opplæringslova kap 9 A Eleven sitt skulemiljø (unntatt §§ 9 A-10 og 9 A- 11)
- Opplæringslova § 10-9, første og fjerde ledd Politiattest og forbod mot tilsetjing
- Opplæringslova § 11-1, første ledd Sambeidsutval ved grunnskular
- Opplæringslova § 14-1 Statleg tilsyn (m.a. plikt til å ha internkontroll jf kommunelova § 25-1)
- Opplæringslova § 15-1 Bruk av forvaltningslova (m.a. reglar om teieplikt jf forvaltningslova § 13-13e.
- Forskrift til opplæringslova kap 12 Tryggleik for elevane