Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO)

4 Ordinært SFO-tilbod

Det ordinære SFO-tilbodet er ope 190 dagar i året, og føl årleg gjeldane plan for skuledagar og fridagar for elevane (skuleruta).

SFO har dagleg opningstid innafor eit tidsrom frå kl 06.45 til kl 16.30. Opningstida er tilpassa lokaletilhøve i kommunen og varierer etter behov. Det er kommunedirektøren som fastset opningstidene.

Foreldre kan velgje slikt SFO-tilbod:

  • A-tilbod: før og etter skuletid 5 dagar i veka
  • B-tilbod: etter skuletid 5 dagar i veka
  • C-tilbod: 11 dagar pr månad før og etter skuletid (dagar etter avtale)
  • D-tilbod: Gratis kjernetid for elevar på 1. årstrinn (2,4 timar dagleg, etter skuleslutt)
  • H-tilbod: elevar på 5. – 7- årstrinn med særskilt behov