Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO)

7 Opptak, opptaksmynde og opptakskriterium

Det er fellesopptak til SFO-tilboda i Kinn kommune, med søknadsfrist 1. april kvart år. Tildelt plass vil gjelde frå nytt skuleår som startar i august.

Tildelt plass i SFO gjeld for eitt skuleår, eller til plassen vert sagt opp. Elevar kan elles søkje om SFO-tilbod gjennom heile året.

Søknad om SFO skal utfyllast elektronisk. Skjema finn du på heimesida vår.

Rektor ved kvar skule har ansvar for opptak til SFO.

Alle elevar på 1.- 4. årstrinn og elevar på 5.-7. årstrinn med særskilt behov som søkjer, har primært rett til SFO-plass ved skulen der eleven har skuleplass.

Er det 6 eller færre elevar som søkjer SFO-tilbod ved ein skule, vert det vurdert om elevane skal få SFO-tilbod ved nærliggjande skule. Kommunedirektøren tek avgjerd om dette.

Ved søknad om plass for elevar med særskilt behov på 5. – 7. årstrinn, må det leggjast ved dokumentasjon med rettleiande uttale frå t.d. foreldre, PPT, fastlege, sjukehus eller barnevernteneste. Eleven sine føresette er ansvarleg for at dokumentasjon for særskilt behov følgjer søknaden om plass i SFO.