Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO)

10 Forseinka og misleghalden foreldrebetaling

Ved sein eller manglande foreldrebetaling gjeld lov om renter ved forseinka betaling av 17.12.76 nr. 100 og endringslov til forseinkingsrentelova, samt inkassolova av 13.05.88 nr 26, tvangsfullbyrdelseslova av 26.02.92 og endringslov til tvangsfullbyrdelseslova mv. av 23.01.15, og tilsvarande forskrifter.

Sein eller manglande foreldrebetaling vert handsama etter slike retningsliner:

  • Ved 2 månader uteståande foreldrebetaling får tenesteleiar kopi av fakturapurring.
  • Foreldre vert invitert til samtale om uteståande beløp, og får rettleiing om måtar det uteståande beløpet kan betalast på (nedbetalingsplan, moglegheit til å søkje om redusert betaling og liknande).
  • Om inngått betalingsplan ikkje vert følgt opp og uteståande foreldrebetaling ikkje vert betalt, kan komunedirektøren seie opp SFO- plassen med 1 månads oppseiingsfrist.