Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO)

2 Føremål og innhald

Kinn kommune skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for elevar på 1. – 4. årstrinn og for elevar på 5. – 7. årstrinn med særskilt behov, jf opplæringslova § 13-7.

SFO skal i samarbeid med foreldre og skulen legge til rette for eit trygt omsorgs- og aktivitetstilbod før og etter skuletid, jf. opplæringslova § 9 A-1 om virkeområdet for kapittel 9 om elevane sitt skulemiljø.

SFO skal leggje til rette for leik, kulturaktivitetar, fysisk aktivitet/friluftsliv og sosial læring tilpassa barna sin alder, funksjonsnivå og interesser.
Barnekonvensjonen artikkel 12 om Barnets beste, gjeld også for skulefritidsordninga.

Innhaldet og organiseringa av SFO-tilbodet skal vere i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande nasjonale lover/retningsliner, og elles planar som gjeld i Kinn kommune.

Kvar SFO-eining skal utarbeide ein årsplan som er i tråd med Forskrift om rammeplan for skulefritidsordningen og planar og satsingar i Kinn kommune.