Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO)

5 Ferie-SFO

Ferie-SFO er tilbod dei dagane skulen og det ordinære SFO-tilbodet er stengt.

Ferietilbodet er behovsprøvd og samordna. Det må vere 12 påmelde elevar for at tilbodet vert iverksett. Det samordna ferietilbodet er lagt til ein av barneskulane i Florø sentrum, og ein av barneskulane i Måløy-området.

Foreldre kan søkje særskilt om slikt tilbod for ferie-SFO:

  • 2 veker før skuleåret startar i august
  • I skulen sin haustferie
  • I skulen sin vinterferie
  • 2 veker etter skuleslutt i juni

Dagleg opningstid for ferie-SFO er innafor eit tidsrom frå kl 06.45 til kl 16.30. Opningstida er tilpassa lokale tilhøve i kommunen og varierer etter behov. Det er kommunedirektøren som fastset opningstidene.

Kjernetida i ferie-SFO gjeld dagleg i tidsrommet frå kl 08.30 til kl 10.55.

For ferie-SFO er det eigne søknadsfristar som årleg vert kunngjort på heimesida vår.

Ferie-SFO har eigne betalingssatsar.