Vedtekter for skulefritidsordninga (SFO)

11 Bemanning

Rektor er administrativ og fagleg leiar for SFO.

SFO skal ha ei bemanning som er tilstrekkeleg til at tenesta kan drivast på forsvarleg vis, minimum ein vaksen pr. 15 barn.

Bemanninga i SFO består av SFO-leiar, fagarbeidarar og assistentar.

Dersom det er mange barn med særskiltbehov, kan det vere trong for å styrke bemanninga eller ha særskild kompetanse i personalgruppa.

Er det meir enn 60 barn i SFO ved skulen, skal det som hovudregel fastsettast ressurs til dagleg leiing i 100% stilling. Fastsetting av ressurs til dagleg leiing vil gå fram av Særavtale SFS 2201 pkt 3.1.2.

Dersom det er få barn med SFO-tilbod, ligg dagleg leiing til rektor.

Personalet i SFO er underlagt forvaltningslova sine reglar om teieplikt; §§ 13- 13f. Ved tilsetting må det leggast fram politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

Personalet i SFO har opplysningsplikt til barnevernet og skal samarbeide om opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta, jf opplæringslova §§ 15-3 og 15-4.