Om du har rett til førebuande opplæring for vaksne, har du også rett til å få realkompetansen din vurdert og dokumentert. Gjennom realkompetansevurdering kan opplæringa tilpassast ditt behov for opplæring. Retten til realkompetansevurdering er heimla i opplæringslova § 18-8.
Som vaksen kan du ha tileigna deg kunnskap frå arbeid og gjennom kurs, som kan dekke krava i læreplanen for den opplæringa du ønskjer. Gjennom realkompetansevurderinga får du prøvd og godkjent kunnskapane dine, i høve krav som vert stillt i læreplanar i fag. Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller delar av opplæringa, og då treng du ikkje opplæring i dei faga eller delane av faga som vert godkjende.
Realkompetansevurdering er gratis for vaksne med rett til opplæring, og vert gjennomført av Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS-KF).
Om du søkjer førebuande opplæring for vaksne eller oppmelding til realkompetansevurdering kan du nytte dette skjemaet.
Publisert 06.03.2026 13.03
Sist endra 06.03.2026 13.03