Førebuande opplæring for vaksne

Det er fleire grunnar til at vaksne treng førebuande opplæring (grunnskuleopplæring). Nokre har ikkje fått fullverdig grunnskule der dei har vakse opp, andre treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade, og nokre treng å halde ved like grunnleggande ferdigheiter for å kunne utdanne seg, få arbeid eller meistre daglege gjeremål.

For å ha rett til førebuande opplæring for vaksne må du

  • vere over opplæringspliktig alder
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i Noreg
  • ha behov for grunnskuleopplæring

I Kinn kommune er førebuande opplæring for vaksne organisert under Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS-KF).

Om du ønskjer informasjon og rådgjeving om førebuande opplæring for vaksne, og realkompetansevurdering for vaksne, kan du ta kontakt med KURS-KF via deira heimeside

Ytterlegare informasjon om førebuande opplæring for vaksne finn du på denne lenka.

Om du søkjer førebuande opplæring for vaksne eller oppmelding til realkompetansevurdering kan du nytte dette skjema.