Forskrift om skuledemokrati og skulereglarLytt til tekstenStopp avspillingForskrift om skuledemokrati og skulereglar gjeld for alle kommunale grunnskular i Kinn kommune.Forskrifta er vedteken av kommunestyret 13. juni 2024, med heimel i opplæringslova § 10-7, og gjeld frå 1. august 2024.Gå til lovdata: Forskrift om skuledemokrati og skulereglarKort om føremålet med forskriftaForskrifta skal sikre at skulane i Kinn hareit trygt, godt og inkluderande skulemiljøklare reglar for orden og åtferdei tydeleg organisering av skuledemokratietføreseielege rammer for elevar, føresette og tilsetteReglane skal bidra til trivsel, respekt, samarbeid og fagleg konsentrasjon. Dei skal også hjelpe elevane med å utvikle gode sosiale ferdigheiter og bygge positive relasjonar.Forskrifta regulerer korleis skuledemokratiet er organisert, kva reglar som gjeld for orden og åtferd, og kva tiltak skulen kan bruke ved brot på reglane. Ho gjeld når skulen har ansvar for elevane – både i undervisning, på turar og i digitale læringsrom.I alle saker skal omsynet til eleven sitt beste vere grunnleggande, og eleven har rett til å bli høyrd. Forskrifta skal vere kjend for elevar og føresette og er tilgjengeleg i fullversjon på Lovdata - sjå lenke ovanfor. Publisert 13.02.2026 10.18 Sist endra 13.02.2026 10.18