Søknadsskjema og søknadsfrist
Frist for å søke SFO er 1. mai, men du kan søke fortløpande gjennom heile året.
Søk SFO (for deg som bur i Kinn)
Søk SFO (for deg som er folkeregistrert i annan kommune enn Kinn)
Kven har rett til plass?
Skulefritidsordninga vår er eit tilbod til alle elevar på 1.-4. klasse og barn i grunnskulealder som har særskilde behov. Du må søke for kvart skuleår.
Endre eller seie opp SFO-plass
Skal du endre eller seie opp ein SFO-plass kan du bruke same skjema som for å søke, heilt øvst i denne artikkelen.
Ferie-SFO
Du må nytte vårt elektroniske skjema for å søke SFO i ferietida.
Søknadsfrister:
Hausterie frist 19. september
Vinterferie frist 15. januar
Sommarferie frist 01. mai
Ferie-SFO er eit tilbod til alle elevar på 1. - 4. trinn. Ferie-SFO gjeld haustferie og vinterferie, to veker etter skuleslutt, og to veker før skulestart.
- Ferietilbodet i Måløy er på Skavøypoll skule - Pris er kr. 1235,- for ei heil veke.
- Ferietilbodet i Florø er på Florø barneskole - Pris er kr. 1235,- for ei heil veke, eller kr. 411,- per dag.
Minst 12 barn må delta for at tilbodet skal gjelde.
Søk om ferie-SFO her
Generelt om SFO
Det er vedtatt nye satsar for SFO frå januar 2022. Dei nye satsane er:
- Heil plass morgon og ettermiddag kr. 2572
- Kvar dag etter skuletid kr. 2263
- Inntil 11 dagar morgon og ettermiddag kr. 1852
- Enkeltdagar kr. 250
Søskenmoderasjon på 30% frå barn nummer to.
Vedtekter for skulefritidsordninga
Vedtekter for SFO i Kinn kan du lese her. (PDF, 399 kB)