Søk, byte og svar på tilbod om SFO
Frist for å søke SFO er 1. april, men du kan også søke fortløpande gjennom heile året.
Søk, byte og svar på tilbod om SFO
Kven har rett til plass?
Skulefritidsordninga vår er eit tilbod til alle elevar på 1.-4. klasse og barn i grunnskulealder som har særskilde behov. Du må søke for kvart skuleår.
Gratis kjernetid i SFO for 1., 2. og 3. klassingar
I tråd med nasjonale føringar vil det frå 1. august 2024 vere gratis kjernetid for 1., 2. og 3. klassingar. Kjernetida er lagt til 2.4 timar etter skuletid, men med moglegheit for lokale tilpassingar på grunn av ulik organisering av skuledagen.
Dersom de ynskjer å nytte dykk av kun gratis kjernetid søkjer de om eit D-tilbod på kommunen sine heimesider. De som nytta reit A- B og C tilbod vil få eit fråtrekk for gratis kjernetid på faktura.
Endre eller seie opp SFO-plass
Skal du endre eller seie opp ein SFO-plass kan du bruke same skjema som for å søke, heilt øvst i denne artikkelen.
Ferie-SFO
Ferie-SFO er eit tilbod til alle elevar på 1.- 4.trinn i Kinn kommune.
Søk ferie-SFO for sommaren 2025 her
Søknadsfrister
Hausterie frist 19. september
Vinterferie frist 15. januar
Sommarferie frist 1. mai
- I Måløy vert det gjeve tilbod om ferie-SFO på Skavøypoll skule.
- I Florø vert det gjeve tilbod om ferie -SFO på Florø barneskole.
Pris for ei heil veke er kr. 2100.
Minst 12 barn må delta for at tilbodet skal gjelde.
Gratis kjernetid i ferietilbod for 1., 2. og 3. klassingar
Gratis kjernetid 12 timar veka gjeld også i feriar der SFO normalt er open.
For de av dykk som kun vil benytte gratis kjernetid fyller de ut søknad, og kryssar av for «Vi vil berre bruke gratis kjernetid». Tidspunktet for gratis kjernetid i ferietilbodet er likt kvar dag, måndag-fredag kl. 8.30-11.00.
De av dykk som nyttar eit ordinært ferietilbod vil få eit fråtrekk for gratis kjernetid på faktura.
Generelt om SFO
Det er vedtatt nye satsar for SFO frå januar 2025 Dei nye satsane er:
- Heil plass morgon og ettermiddag kr. 3130
- Kvar dag etter skuletid kr. 2610
- Inntil 11 dagar morgon og ettermiddag kr. 2190
- Kun bruk av kjernetid (1. til 3. klasse) er gratis, men gjeld berre ettermiddag
Søskenmoderasjon på 30% frå barn nummer to.
Prisar for 1. , 2., og 3. klasse
- Heil plass morgon og ettermiddag (1. til 3. klasse) kr. 1685,-
- Kvar dag etter skuletid (1. til 3. klasse) kr. 651,-
- Inntil 11 dagar morgon og ettermiddag (1. til 3. klasse) kr. 315,-
- Kun bruk av kjernetid (1. til 3. klasse) er gratis, men er avgrensa til 12 timar i veka på ettermiddagstid.
Vedtekter for skulefritidsordninga
Vedtekter for SFO i Kinn kan du lese her.