Alle barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen, barne- og ungdomsskulen. Mobbeombodet jobbar med å forebygge mobbing, følge opp saker og vere tilgjengeleg som ein samtalepart for barn, unge og foreldre/føresette.
Du kan kontakte Mobbeombodet
Du kan kontakte Mobbeombodet med små og store spørsmål som gjeld mobbing og skulemiljø. Mobbeombodet kan hjelpe deg med å finne ut kva du kan gjere viss du eller nokon andre ikkje har det bra på skulen eller barnehagen. Mobbeombodet kan fortelle deg om kva rettar og pliktar du og skulen eller barnehagen har.
Meir informasjon om Mobbeombodet hos Vestland fylkeskommune
Publisert av Henrik Ulriksen
Publisert 20.09.2019 08.44
Sist endra 08.11.2023 10.07