Forskrift om skuledagar, ferie- og fridagar

Her finn du plan for skuledagar, ferie og fridagar for skuleåret 2024-2025, og 2025-2026.

Skulerute, ferie- og fridagar 2024-2025
Månadane Tal skuledagar
Skuleåret 2024-2025:
August 2024: Første skuledag er måndag 19. august. 10 dagar
September 2024 21 dagar
Oktober 2024: Haustferie måndag 7. til fredag 11. oktober (v. 41). 18 dagar
November 2024: Fridag for alle elevane fredag 1. november. 20 dagar
Desember 2024: Siste skuledag før jul: fredag 20. desember. 15 dagar
Januar 2025: Første skuledag er torsdag 2. januar. 22 dagar
Februar 2025: vinterferie måndag 17. februar til fredag 21. februar (v. 8). 15 dagar
Mars 2025 21 dagar
April 2025: Siste skuledag før påske er fredag 11. april. Første skuledag etter påske er tysdag 22. april. 16 dagar
Mai 2025: Fridag for elevane fredag 2. mai, og fredag 30. mai. 18 dagar
Juni 2025: siste skuledag er fredag 20. juni. 14 dagar
Totalt: 190 dagar

Skulerute, ferie- og fridagar 2025-2026

Skulerute, ferie- og fridagar 2025-2026
Månadane Tal skuledagar
Skuleåret 2025-2026:
August 2025: Første skuledag er måndag 18. august. 10 dagar
September 2025 22 dagar
Oktober 2025: Haustferie måndag 6. til fredag 10. oktober (v. 41). 18 dagar
November 2025 20 dagar
Desember 2025: Siste skuledag før jul: fredag 19. desember. Juleferie: måndag 22. desember til fredag 2. januar 2026 15 dagar
Januar 2026: Første skuledag er måndag 5. januar 20 dagar
Februar 2025: Vinterferie måndag 16. februar til fredag 20. februar (v. 8). 15 dagar
Mars 2026: Siste skuledag før påske fredag 27. mars. Påskeferie: 30. mars til måndag 6. april. Første skuledag etter påske er tysdag 7. april 20 dagar
April 2025 18 dagar
Mai 2025: Fridagar for elevane: Fredag 1. mai. Torsdag 14. mai. Fredag 15. mai. Måndag 25. mai. 17 dagar
Juni 2025: Siste skuledag er fredag 19. juni. 15 dagar
Totalt: 190 dagar

Kinn kommunestyre har vedtatt forskrift om skuledagar, ferie- og fridagar skuleåret 2024-2025 i Kinn kommune. Forskifta gjeld for elevane ved alle grunnskulane i Kinn kommune, skuleåret 2024-2025.

Heimel

Vedtatt av Kinn kommunestyre 08.02.2024, med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 14-1 andre ledd. 

§ 1 Formål og virkeområde

Forskrifta gjev informasjon om skuledagar, ferie og fridagar for elevane i grunnskulen i Kinn kommune skuleåret 2024-2025. 

Elevane har rett og plikt til å møte på skulen dei fastsette skuledagane.

§3 Iverksetting og opphøyr

Forskrifta for skuleåret 2024-2025 gjeld frå 01.08.2024 og opphøyrer 31.07.2025. Skuleruta for 2025-2026 gjeld frå 1. august 2025 og opphøyrer 31.07.2026.