Elevpermisjon

Kinn kommune kan gi elevpermisjon til elevar i inntil to veker. Du må då bruke søknadsskjemaet nedanfor.

Søk elevpermisjon frå skule

Vi gjer merksam på at innvilga permisjon med heimel i opplæringslova § 2-11 inneber at eleven (føresette på vegne av eleven) skriv frå seg retten til offentleg grunnskuleopplæring for den aktuelle perioden.

Du kan klage på vedtaket

Vedtak om permisjon er eit einskildvedtak etter forvaltningslova. Vedtaket kan klagast på, med klagefrist på tre veker etter at føresette har motteke brev om vedtak. Ei eventuell klage skal adresserast til Statsforvaltaren i Vestland, men sendast via skulen.

Fråtrekk av fråvær (ungdomsskuleelevar)

Last ned skjema for fråtrekk av fråvær i grunnskule (PDF, 148 kB)

I eit opplæringsår kan du søke om fråtrekk av inntil 10 dokumenterte fråværsdagar frå vitnemålet. Ein kan stryke dagar der eleven har innvilga permisjonar etter opplæringslova § 2-2 eller fråvær av helsegrunnar. Slikt fråvær må det søkast om, og legeerklæring må ligge som vedlegg til søknaden om det er helsegrunnar. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vare meir enn 3 dagar, og berre fråvær frå og med 4. fråværsdag kan strykast. Ved funksjonsnedsetting og/eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Du kan lese meir i Forskrift til opplæringslova