Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)Lytt til tekstenStopp avspillingPPT er kommunen sin rådgjevande og sakkunnige instans. Vi samarbeidar og rettleiar barnehagar og skular slik at barn, elevar og vaksne som kan ha behov for tilrettelegging får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa tilbod.Barn kan ikkje tilvisast til PPT utan føresette sitt samtykke. Føresette og unge over 15 år som ønskjer tilvising til PPT, må ta kontakt med barnehage eller skule. For barn utan barnehageplass må føresette kontakte kommunalsjef for oppvekst og undervisning for å be om ei vurdering for spesialpedagogisk hjelp.Våre tenester er frivillig og gratis. Vi har teieplikt, som betyr at vi ikkje kan dele informasjon om deg eller barnet ditt med andre utan samtykke. Kva gjer PPT?Vi støttar barnehagar og skular med å legge opplæringa betre til rette for å fremje inkludering, utvikling og læringsutbytte for barn og elevar.Vi samarbeidar med barnehage og skule med tidleg innsats og førebyggande arbeid. Vi hjelper barnehage og skule med utgreiing og kartlegging. Vi gjer ei sakkunnig vurdering der barnehagelova og opplæringslova krev det. Den sakkunnige vurderinga er grunnlaget for vedtaket kommunen gjer om spesialpedagogisk hjelp i barnehage og individuell tilrettelagt opplæring (ITO) i skule.Vi gjer ei sakkunnig vurdering når kommunen ber oss om det i saker som omhandlar fritak for opplæringsplikta og ved framskoten eller utsett skulestart.Vi bidreg til kompetanse- og organisasjonsutvikling i kommunen.Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Kva gjer PP-tenesta (PPT).Fagområde PPT jobbar medSpråk- og taleKonsentrasjons- og merksemdSosiale og emosjonelle vanskarÅtferd og reguleringSyn- og hørselGenerelle lærevanskar eller fagvanskarLesing- og skrivingMatematikkBekymringsfult skulefråvær Slik søker du om hjelp for barn i barnehagealderDersom du er uroa for barnet ditt, tek du først kontakt med barnehagen. Barnehagen vurderer samen med føresette om det er behov for å kontakte PPT. Dersom det er behov for kontakt med PPT, kallar barnehagen inn til møte med føresette og PPT der ein saman avklarar vidare arbeid og oppfølging. Dersom barnet ikkje går i barnehage må føresette kontakte kommunalsjef for oppvekst og undervisning for å be om ei vurdering for spesialpedagogisk hjelp. I desse sakene er det kommunalsjef som tilviser oss.Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.Framskunda og utsett skulestartØnskjer de at barnet skal starte på skulen tidlegare eller seinare enn vanleg, tek de kontakt med kommunalsjef for oppvekst og undervisning. Kommunalsjefen ber då PPT om ei sakkunnig vurdering. Etter sakkunnig vurdering gjer kommunalsjef vedtak i saka.Slik søker du om hjelp for elevar i skuleEr du uroa for læring og trivsel til barnet ditt i skulen, melder du ifrå til skulen. Skulen skal setje inn og prøve ut tiltak først. Dersom eleven framleis har utfordringar, kan skulen i samarbeid med føresette tilvise PPT for individuell oppfølging eller for sakkunnig vurdering. Føresette og elevar over 15 år skal samtykke til tilvising til PPT.Les meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Individuelt tilrettelagt opplæring.Slik søker du om logopedPPT har logopedar som kan rettleie i høve språklydsvanskar, taleflytvanskar, munnmotorikk og stemmevanskar. For barnehagebarn kan logoped rettleie og følge opp barnehagen og føresette. Når det gjeld skulebarn, kan logoped jobbe direkte med barnet på PPT-kontoret utanfor skuletid. Føresette gjer også øvingar med barnet heime.Går barnet i barnehage tek du kontakt med barnehagen for samarbeid om tilvising til logoped i PPT.Føresette og elevar over 15 år kan tilmelde logoped direkte. Ta kontakt med oss før du sender tilvising, slik at vi kan vurdere om logoped er rett hjelp.Når du tilviser, skriv du ut og fyller ut skjemaet «Tilvising til PPT – Logoped».Skjema: Tilvising til PPT - Logoped (ODT, 35 kB)Individuelt tilrettelagt opplæring for vaksneVaksne som har rett til grunnskuleopplæring kan også ha rett til individuell tilrettelegging.Dersom du ønskjer at det blir gjort ei sakkunnig vurdering, tek du kontakt med kommunen v/oppvekstsektor. Dei tilviser då PPT for vurdering av behov for individuell tilrettelagt opplæring. Det er kommunen som gjer vedtak om individuell tilrettelegging.Kven kan be om individuelt tilrettelagt opplæring?Vaksne med nedsett hørsel/døvheit som treng opplæringVaksne synshemma som treng opplæringVaksne med språk-, stemme- eller talevanskar som treng opplæringVaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodetVaksne som har særlege behov for hjelp til å vedlikehalde eller utvikle grunnleggjande ferdigheiter (lesing, skriving, rekning, munnlege- og digitale ferdigheiter, samt dagleglivets ferdigheiter)Vaksne som treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skadeLes meir på Utdanningsdirektoratets nettsider - Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar. Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 20.09.2019 08.36 Sist endra 09.02.2026 09.17